Den neste filmen om James Bond, hittil berre kjend som «Bond 24», har fått si Bond-pike. Franske Léa Seydoux, kjend frå «Mission Impossible: Ghost Protocol», «Grand Budapest Hotel», og «Blå er den varmeste fargen» – er det siste skotet på stamma til «Skyfall»-oppfølgjaren.

Seydoux skal byrje prøvelesing i november for å kome inn i rolla til innspelinga startar i desember, melder Daily Mail.

Daniel Craig er alt bekrefta i rolla som James Bond (og han dukkar også opp i nummer 25), og Ralph Fiennes, Naomie Harris og Ben Whishaw held fram i rollene dei alt hadde. Regissør Sam Mendes skal halde fram historia om angrepet på MI8, som starta i «Skyfall».

Blant anna veit me at innspelinga vil foregå i den austerrikske byen Obertilliach (som kunne ha vore i Noreg).

Tidlegare i år har både norske Synnøve Macody Lund og Ingrid Bolsø Berdal vore i samtalar om rolla, men valget falt altså på Seydoux til slutt – som vant Gullpalmen i fjor saman med Adèle Exarchopoulos for hovudrollene i «Blå er den varmeste fargen».

Tidlegare er nok Bond-pikene først og fremst kjend for å vere vakre kvinner, men dei siste åra har dei også i større grad fått personlegheit utover «person James Bond snart kjem til å ha sex med». Me kryssar fingrane for at Seydoux får noko å gjere.

«Bond 24» er tiltenkt ei verdspremiere 6. november 2015.