Ei gjenskaping av «Hjelp, vi skal på ferie» har vore på planane i årevis, men vart sist stansa i 2013 på grunn av såkalte «creative differences».

Då var planen at Ed Helms («Hangover») skulle tre inn i rolla som den vaksne Rusty Griswald – sonen i dei originale filmane – og ta med sin familie på tur. Meir ein sein oppfølgjar enn ein direkte reboot, med andre ord.

Ed Helms – slik vi er vant til å sjå han.
Ed Helms – slik vi er vant til å sjå han.

No er prosjektet attende på sporet, ifølgje Moviehole, hvis kjelder meiner at både Chevy Chase og Beverly D’Angelo – foreldra i dei første filmane – kan vere klar for små roller.

I tillegg til Helms som Rusty, er Christina Applegate («Bundy», «Anchorman») tiltenkt ei rolle som kona, og på turen skal dei visst ha med seg to born – ikkje heilt ulikt dei gamle filmane.

Opphaveleg var tanken å koordinere nyfilmen med fjorårets 30-årsjubileet for «Hjelp, vi er på ferie» – noko som no er litt seint – men visstnok inspirert av suksessen til «We’re the Millers», ein anna dysfunksjonell familietur, satsar dei på R-rating – 17 års aldersgrense – i staden for den meir familievenlege PG-13.

Dei første filmane var inspirert av ei novelle av John Hughes i National Lampoon Magazine, humorbladet som òg «Ghostbusters» og «Caddyshack» vokste ut av – og førte etter kvart til nokre tidvis slitne 80- og 90-tals-oppfølgjarar.

Denne gongen er det folka bak «Horrible Bosses», John Francis Daley og Jonathan M. Goldstein, som skal skrive og regissere. Målet er å byrje produksjonen før året er omme, dette er det enno inga offisiell bekrefting på.

Men dette er ikkje den einaste 80-talsoppfølgjaren Helms er med i. I desember ifjor slapp Paramount nyheita om at han også skal ha hovudrolla i ei planlagd oppfølgjar til «Mannen med den nakne pistol». Variety meldte då at det var manusforfattarane bak «Reno 911» og «Natt på museet» som skulle skrive historia – folka bak boka «Writing scripts for fun and profit».

Kva trur du om fleire filmar i «Hjelp, ferie»-serien?