I avslutninga på den heilt ok komedien «Fanboys», sit Eric Botler – som saman med venene har gått gjennom eld og vatn – endeleg i kinosalen for å sjå filmen han har venta på sidan han vart fødd, «Star Wars, Episode I: The Phantom Menace».

Den siste replikken i filmen er hans: — Kva om filmen suger?

Hald på den tanken. Du vil ikkje ha ein lang greie før du får sett den første traileren til «Star Wars VII: The Force Awakens», så here goes:

Halvanna minutt som hittil er omtrent alt me veit om filmen, og det er ikkje så veldig mykje, eigentleg.

John Boyega som Stormtrooper, Daisy Ridley som ung romrøvar, ein ny robot her og der, og ein ond Sith med eit lyssverd med tre – 3 – blad. «Star Wars»-trilogiane er som Gillette-barberhøvlar. Samt nokre nydelege romskipsscener, både med X-Wings og Millennium Falcon.

Før dette har Abrams holdt hardt på sin «mystery box»-filosofi – tanken om at noko er betre, meir spennande, om du ikkje går inn med så mykje førehandskunnskap. Han vil rett og slett ikkje at folk skal vite noko om filmane hans.

Til «Cloverfield» skjulte han monsteret, og til og med skodespelarane, så lenge han kunne. Skurken i «Star Trek Into Darkness» var hemmeleg – eller «hemmeleg», sidan mange trass alt gjetta det. Og ikkje minst «The Force Awakens» – der me har fått vite skodespelarar, men knappast noko om kven dei skal spele og kva som skjer.

I ei verd som fløymer over av popkulturelle bloggar og magasin som lager artiklar om at det snart kjem ein 8 sekunders teaser som skal erte ein halvanna minutts trailer som skal hype ein halvanna times film som kjem om eit halvår – skaper framferda både dårlege og gode vibber.

Dårlege vibber fordi Abrams er åleine om å gjere det på denne måten, og det ellers stort sett er eit dårleg teikn når nokon skjuler store deler av produksjonen. Abrams har klart å byggje seg eit godt rykte, men akkurat no ser me andre forsøke å gjere det same – Josh Trank har vore foruroligande stille rundt sin komande «Fantastic Four» – noko som stort sett berre fører til sinte fans på internett.

Gode vibber fordi det kanskje for ein gongs skuld er forfriskande å ikkje vite alt.

Star Wars: The Force Awakens.
Star Wars: The Force Awakens.

Før «The Phantom Menace» var Lucasfilm hakket opnare – både fordi ein visste at han gutungen kom til å bli Darth Vader, og fordi me sjølvsagt visste korleis filmane kom til å ende. På den andre sida var me ikkje vand til å vere så overlasta av informasjon som me er no.

Det er veldig lett å forsvinne inn i «Star Wars»-hypen, dukke under i ein strøym av rykter og tankar – ta fantrailerar og plott frå anonyme kjelder for god fisk.

Men i viraken, i det storslåtte universet som eg kjem til å vere glad i uansett kva Abrams og co. finn på, er det viktig å hugse å stille seg sjølv eit kontrollspørsmål:

Tenk om filmen suger?

Men den gjer jo ikkje det. Eller?

Kva trur du?