Filmbransjen har laga adapsjonar av Stephen Kings bøker siden 70-talet, så det var kanskje på tide at dei fann seg noko heilt nytt å lage ein film av – som Stephen Kings sønn, for eksempel.

Boka «Horns» er skriven av Joe Hill, og er ei slags svart komedie historie om Ig Perrish – ein ung mann som, eitt år etter at han vart mistenkt for å ha valdteken og drept sin eigen kjærast, får horn i tinningen som gir han mystiske krefter.

No er den første ordentlige traileren her (i toppen av artikkelen).

Hovudrolla er spelt av Daniel Radcliffe, som etter 10 år som tittelfiguren i «Harry Potter»-filmane har gjort mange ulike typer roller – både på scena og i film. Deriblant gotisk grøss i «The Woman in Black», og den komande romantiske komedien «What If».

I samanheng med dei komande «Fabeldyr»-spinoff-filmane satt i same univers, og ein avisartikkel om figurane som vaksne som J.K. Rowling nyleg la ut, har han uttalt at han ikkje kunne tenkje seg å spele figuren igjen.

– Eg har lyst til å seie nei. Det er eigentleg ikkje ein gong eit hypotetisk spørsmål slik ting er no, sa han til NY Daily News.

«Horns» er regissert av den franske skrekkregissøren Alexandre Aja («Haute Tension», «The Hills Have Eyes»). Filmen var ferdiginnspilt allereie i slutten av 2012, men har brukt litt tid på å kome til kinoskjermane.

Kinopremiere i USA er den på Halloween, den 31. oktober, men «Horns» har hittil ikkje fått noko norsk premieredato enno.

Daniel Radcliffe i «Horns».