Eg skal heilt ærleg innrømme at eg ikkje har vore ovbegeistra over tanken på ein film om og med Grumpy Cat i hovudrolla. Den vesle, hårete internettsensasjonen med det sure ansiktet er planlagd blir ei julehistorie frå «onsdagsfilm»-leverandøren Lifetime.

Historia skal omhandle ein katt som aldri vert solgt fordi ho ser så sur og tverr ut, heilt til ho vert kjøpt av ei 12 år gammal jente som oppdagar at katta kan kommunisere med mennesker. Og den skal finne stad i jula, og vere ei blanding av «Home Alone» og «Die Hard», ifølgje Lifetime-sjef Aturo Interian.

– Me er så kjende for vår ektefølte sentimentalitet, ein stereotyp som denne filmen vil gjere narr av, seier mannen frå selskapet bak filmar som «Pregnancy Pact» og «Mother, may I marry Danger?».

Men eit lite håp vert likevel tent når stemma til katta no visar seg å vere frå Aubrey Plaza, ifølgje Entertainment Weekly. Ho tek over jobben etter Jane Lynch («Glee»), som takka nei tidlegare i år.

Plaza har omtrent gjort karriere på å vere misfornøgd, rappkjefta, ung kvinne. Det har ho gjort i «Scott Pilgrim vs. The World»:

«Parks and Recreation»:

Eller nydelige «Safety not Guaranteed»:

Snart kjem «Life After Beth», der ho speler Beth, som kjem tilbake etter døden – med merkelige evner:

Dermed har me nesten heilt gløymd at det er middelmådigheitenes meistrar, Tim Hill («Alvin og gjengen») og Jeff Morris («The True Memoirs of an International Assassin»), som skal skrive manuset for filmen som blir heitande «Gumpy Cats Worst Christmas Ever». Og at regissør Hill tidlegare har regissert forgløymelege «Pusur 2» og «Hopp».

Lat oss håpe at Hill finn att til sine glansdagar som skaparen av «Rockos Modern Life», og at me endeleg kan få noko bra med utgangspunkt i virale internettsuksessar – ikkje berre ræva «Epic Beard Guy» og den havarerte Twitter-tv-serien «Shit my Dad Says».