«Game of Thrones» hukar inn nye skodespelarar for femte sesong – og visar tabbane frå fjerde sesong
Her er figurane du kjem til å bli trist av når dei dør i neste sesong av «Game of Thrones». Neida, fullt så ille er det ikkje, men «Game of Thrones» byrjer å arbeide seg opp ei lang og god liste med «avdøydde, elska figurar» etter kvart.
Difor må dei også fylle på i rekkene, og no har HBO sluppe nye namn i miksen for det som skal bli femte sesong av den storslåtte fantasy-serien.
Neste sesong skal foregå mykje i Dorne, landet der prins Oberyn Martell kjem frå. Det varme, sandlagte landskapet skal bli innspelt i Spania, og fleire medlem av Martell-familien dukker opp – i tillegg til ei rekkje andre figurar.
Alexander Siddig («The Fifth Estate») skal spele Oberyns eldre bror Doran Martell, og Toby Sebastian («Barely Lethal») skal spele sonen Trystane Martell. Hans tre bastard-døtre er også casta. Rosabell Laurenti Sellers («The Whistleblower») skal spele Tyene Sand, Jessica Henwick («Spirit Warriors») skal spele Nymeria Sand, og Keisha Castle-Hughes («Whale Rider») skal spele Obara Sand.
Nell Tiger Free (nykomar, med eit fantastisk namn) skal erstatte Aimee Richardson som Myrcella Baratheon – Cerseis einaste dotter, som vart lova vekk til Martell-familien i tredje sesong. DeObia Oparei skal spele Areo Hotah, leiaren for Dornes palassvakter.
Sjølvaste Jonathan Pryce («Brazil», «Pirates of the Caribbean») kjem inn som The High Sparrow, ein beskyttar av Kings Landings fattige.
Med nye skodespelarar, og regissørane allereie på plass, byrjer sesongen allereie å få ein fast base.
I same slengen slapp HBO ein video med tabbar frå sesong 4, som blant anna utvider den flotte scena der Tyrion og Jaime kjem inn til rettssaken – hakket meir dansande enn slik det stod i manus.
– Me syntest det var artig, og statistane dansa og klappa. Men så høyrde me frå produsenten. «Me filmar framleis, tilbake til originale posisjonar», sa Nikolaj Coster-Waldau om den improviserte dansen – som crewet tydelegvis ikkje var like fornøgd med.