Er du ein av dei som har sett den nye «Hobbiten»-traileren, og no har eit djupt hol i magen som ikkje kjem til å bli fylt før desember 2012?

Ein måte å døyve apetitten på — om ikkje anna, midlertidig — er å sjå det som går føre seg mellom Hobbiten og Ringens Brorskap. Filmen «The Hunt For Gollum» tek for seg historia like før «Ringens Brorskap», og naturleg nok jakta på vår alles kjære Gollum (sjå filmen i videovindauget øvst).

«Men, dette burde eg — som «Ringenes Herre»-entusiast — ha høyrd om,» seier kanskje du. Jo, kanskje. Men dette er på ingen måte eit Peter Jackson-prosjekt.

Filmen er nemleg ein såkalla fanfilm. Stort sett er dei basert på eit bok-, film- eller teikneserieunivers, og gjerne med latterleg låge budsjett. Det desse prosjekta som oftast har, er enormt mykje respekt for originalmaterialet, men det det derimot fell gjennom på er alt frå produksjonsverdi til manus og skodespelarar.

Det som vert sagt å vere det aller første eksempelet på fanfilm er filmen «Our Gang» laga av eit par unge filmskaparar på 20-talet. Denne var basert på ein filmserie med same namn, og kan på mange måtar seiast å vere ein ulisensiert oppfølgjar. Opp gjennom århundret har fleire personar laga filmar frå sine favorittunivers, blant anna laga Hugh Hefner monsterfilmar på 40-talet, og sjølvaste Andy Warhol laga ein film kalla «Batman Dracula» i 1964.

Men denne type film kom først i sving med sci-fi-messene som vaks opp i USA på 70-talet. Med framveksten av store, kjende franchiser som «Star Wars», «Star Trek» og «Doctor Who» fekk fanfilmane eit større publikum enn det hadde hatt før. Eit klassisk eksempel er «Hardware Wars», ein parodifilm på «Star Wars»-universet som kom ut i 1977, berre eit halvt år etter opphavet.

«Hardware Wars» handlar om ondskapsfulle kvitevarer som skal angripe den fredelege planeten Basketball, og er i stor grad ei samling av ordspel og morsomheiter henta frå ulike Star Wars-relatert situasjonar.

Veldig mange av filmane som går under samlebegrepet fanfilm er nettopp parodiar eller «spoofs» på våre kjende univers, og som sagt er desse i hovudsak fullstendig ulisensierte. Men nokre filmskaparar har faktisk omfavna fanfilm-miljøa og gitt dei begrensa tillatelsar til å nytte materiala deiras.

George Lucas — ein mann alle «Star Wars»-fans elskar å hate å elske — har nok gjort mykje rart, men eit av dei mest positive tinga han har gjort for fanfilmfolket er å tillate bruk av offisielle lydeffekter i heimeprosjekt — så lenge filmane ikkje har med banning eller nakenheit. Kvart år kulminerar dette i ei offisiell kåring av beste «Star Wars»-fanfilms.

Langs same linje har «Doctor Who»-skaparane latt folk bruke dei ulike rasane i serien, deriblant dei skumle Dalekane, og tillatt fanfilms å plukke fritt — så lenge dei held seg unna Doktoren sjølv.

Andre innhaldseigarar har ikkje vore like ettergivelege. Fox Studios sendte eit cease and desist-brev til nokre filmhungrige fans av «Max Payne»-serien, då det viste seg at fanfilmen deiras kunne vere ein konkurrent til den planlagte «Max Payne»-filmen.

Likeins hadde DC Comics ei hard linje ovenfor produkt som ikkje gav dei profitt fram til 90-talet. Dette hindra dog ikkje eit stort kobbel av Batman-filmar i å dukke til overflata.

Men det var ikkje før internettets gullalder at denne trenden tok heilt av. Eit tidleg eksempel er «Troops», ein slags Star Wars/Cops-crossover som gjorde modem-linjene heite og email-innboksane stappfulle på midten av 90-talet.

Eit av hovudproblema med fanfilms er naturleg nok budsjett. For sjølv om det finst stjerner på himmelen er det meste av fanfilm like vel filma i bakhagen med mors duk som kappe og ein tommestokk som sverd. I lys av Michel Gondry-komedien «Be Kind, Rewind» dukka ein anna trend opp på internett, såkalla sweded movies.

Inspirert av Jack Black og Mos Def tok mange lågbudsjettsuttrykket til det ekstreme og laga kortversjonar av sine favorittfilmar med utruleg låg produksjonsverdi.

Også her har George Lucas teke fanskaren under vingene, og i samarbeid med Vimeo starta Lucasfilm prosjektet Star Wars Uncut. Her var målet å gjenskape Star Wars: A New Hope i sin heilheit med 15-sekunders-klipp laga av fans verda rundt. Filmen kan — med mindre du hatar buffring intenst — sjåast i videoen under eller på StarWarsUncut.com.

Ettersom både produksjonsutstyr, programvare og nettservere vart billegare, vart det stadig enklare å lage og spreie sjølvlaga produksjonar. Og resultatet er ikkje berre småskalaproduksjonar. Den uoffisielle Star Trek-serien Star Trek: Hidden Frontier nådde 50 episodar i perioden 2000-2007.

Og når prosjekt får tid og pengar nok når ein etter kvart opp til det foreløbige toppnivået innan fanfilms, som ligg ved «The Hunt For Gollum» og dens systerfilm «Born of Hope». Litt av problemet med desse filmane er kanskje at den «offisielle» «Ringenes Herre»-trilogien er så frykteleg god, for fanversjonane bleiknar absolutt i forhold.

Dog, når Peter Jackson hadde Weta Workshop i ryggen og eit budsjett på over 400000 kroner per minutt skal The Hunt For Gollum ha kraftig skryt for sitt velutvikla uttrykk, på eit budsjett som ligg på 30000 kroner for ein 38-minutters film.

Den auka seriøsiteten betyr heldigvis på ingen måte at det er slutt på dei mange parodiane. Tvert i mot vert også desse i stadig større grad profesjonalisert.

Som nordmenn flest har eg vanskelegheiter for å sjå utanfor eigen navle, så eit avslutningsmoment frå heimlege trakter er absolutt naturleg. Dei norske gutta i PistolsShrimps har nemleg gjort stor Youtube-suksess på å klippe seg sjølv inn i kjende filmunivers, deriblant «Ringenes Herre», «Harry Potter» og «Star Wars».

Ein av dei mest minnerike er filmen som dukka opp i samanheng med fjorårets fotball-VM, «Gandalf Goes to the World Cup»: