Eva Green kan mystiske kvinneroller, dei som er kraftfulle under overflata. Det har ho bevist ved å vere det absolutt mest interessante med den ellers litt unødvendige «300»-oppfølgjaren, og i Showtime-serien «Penny Dreadful».

No står ho fremst i køa for å spele hovudrolla i Tim Burtons neste film – «Miss Peregrine’s Home for Peculiar Children» – basert på den kule Ransom Riggs-boka med same namn, melder THR.

Historia handlar om unge Jacob Portman, som følgjer spora frå sin avdøde bestefar sine fotografi for å finne årsaken til hans død. Det bringer han til ein barneheim fylt av born med spesielle krefter – der han finn ut at han er den einaste som kan beskytte dei mot ei ukjend fare.

Boka låg øvst på New York Times si bestseljarliste i april i 2012, og forfattaren er artig nok langvarig ven med ein anna bestselgjande forfatter – John Green, som stod bak boka bak den nylege «The Fault in Our Stars».

«Miss Peregrine’s Home for Peculiar Children» starta som ei biletebok med svart-kvitt-fotografi av born som Riggs fann på loppemarknader, men då han fekk eit spørsmål om å lage ei historie rundt bileta vart den til noko meir.

I denne videoen forklarar forfattaren meir om sin forkjærleik for gamle bileter:

Manuset for filmen er skrive av Jane Goldman, hvis manusmeritter inneheld ei anna historie om unge folk på ein skule for spesialevner – nemleg «X-Men: First Class».

Visuelt er boka mørk og med sterke gotiske hint, noko som nok passar Tim Burtons mørke uttrykk veldig bra.

Eva Green har samarbeidd med Burton tidlegare – på «Dark Shadows» – og skal i så fall spele rolla som Miss Peregrine, bestyraren av barneheimen. Rolla som Jacob Portman og dei andre borna er enno ikkje besatt.

Og nei, Johnny Depp er ikkje tiltenkt for ei rolle – foreløpig. Dette vil i så fall bli Burtons første live action-spelefilm utan Depp sidan «Big Fish» i 2003.

Kanskje like greit?