Skodespelargalleriet for den sjuande «Star Wars»-filmen vert stadig større – og stadig kulare. Ifølgje BBC er siste mann ut Miltos Yerolemou, kanskje best kjend for rolla som Syrio ForelAryas sverdlæremeister – frå «Game of Thrones».

Yerolemou er trent i sverdkamp, noko som har vore ei sentral del i fleire av rollene har har spelt på skjermen. Det set openbart i gang spekulasjonar om rolla hans innebér jedianes lyssverd – eit av «Star Wars»-seriens ikoniske våpen.

Forresten, sidan internett er internett, så har nokon sjølvsagt allereie sett for seg Syrio Forel som lyssverdsvingande jedi. Ei øving i etterbehandling av video vart plutseleg endå meir aktuell:

BBC seier at rolla hans ikkje er av dei større, noko som indikerar at skodespelarane som alt er sluppe nok dekkjer dei fleste sentrale rollene.

Sverdsvingaren frå Braavos er ikkje den einaste «Game of Thrones»-skodespelaren som er i ferd med å ta steget til ei galakse langt, langt borte – også Gwendoline Christie, Brienne of Tarth, har ei hittil ukjend rolle i filmen.

I tillegg til fleire av dei klassiske skodespelarane, blant anna det sentrale trekløveret Harrison Ford, Carrie Fisher og Mark Hamill, er det også fleire nye skodespelarar.

John Boyega og Daisy Ridley – to av skuespillerne i den kommende «Star Wars»-filmen.
John Boyega og Daisy Ridley – to av skuespillerne i den kommende «Star Wars»-filmen.

Ryktene tilseier at Daisy Ridley og John Boyega sine roller er mest sentrale, men også Adam Driver og Oscar Isaac skal være viktige brikker i spillet. Dog, det meste er ubekrefta frå LucasFilm si side – også Yerolemou si rolle.

«Star Wars Episode VII» starta nyleg innspelinga igjen etter Harrison Ford si ankelulukke tidlegare i sumar. Filmen er framleis tiltenkt ei premiere den 18. desember 2015.