Med alle sjåaralgoritmene til Netflix, er det noko som seier meg at mange av mine vener sin stadige strøyming av animasjonsserien «Archer» endeleg har betalt seg. I august lanserar Netflix sin første animasjonsserie for den vaksne marknaden.
Folk elskar eit «trainwreck» – ei fallert stjerne som ikkje heilt har klart seg, og som stadig dukkar opp i nyheitene fullstendig dritings. BoJack Horseman – stemmelagd av Will Arnett («Arrested Development») – hadde si storheitstid i sitkom-serien «Horsin’ Around» på 90-talet, men har sidan blitt den type kjendis som berre såvidt blir gjenkjent på gata lengre.
– «BoJack Horseman» er brutalt morosam og unikt take på hva som kan skje etter stjernedømmet, seier Netflix-sjef Ted Sarandos i en pressemelding.
I den første ordentlege traileren for serien (i toppen av artikkelen) får ein sjå korleis. Tidlegare har dei sluppe ein trailer, som dukka opp i juni:
Skaparen er Raphael Bob-Waksberg, eit relativt uskrive blad i TV-samanheng. Tidlegare sjef for Disney mellom 1984 og 2005 – Michael Eisner – har produsert serien gjennom sitt eiget selskap, Tornante.
I tillegg til Will Arnett, speler Amy Sedaris («Elf») og Aaron Paul («Breaking Bad») roller i serien.
12 episodar av «BoJack Horseman» blir slept den 22. august – eksklusivt til Netflix.