I tv-serien «Louie» er Todd Barry eit gjenvendande ansikt. Som ein slags dårlig samvittigheit for hovudfiguren – spelt av Louis CK – er han ein brå, barnsleg, einsam, middelaldrande mann med sansen for å tromme på bordet mens han nynner fornærmelser til melodien av 70-tallsrock.

Litt som dette er han på scena også, tørr og brå, og – som mange andre i bransjen – med sitt eiget skråblikk på verda.

– Han har alltid vore ein av mine favorittar. Det er ingen der ute som han. Det har det aldri vore. Han er hysterisk morosam, seier Louis CKsi eiga nettside.

I kveld dukkar Barry opp på Parkteatret for å halde sitt nyaste show for norsk publikum. Tidlegare har han dukka opp i ei flott rolle som stormannsgal bongospelar i «Flight of the Conchords», samt nyleg som gjest i Jerry Seinfelds «Comedians in Cars getting Coffee».

Der fann me ut at Barry, som rolla si i «Louie», er ein mann som ikkje har så veldig mykje å gjere: