Ah, 90-talet. På den tida då introduksjonsvignettar til tv-seriar framleis skulle vere minst 1 minutt lange.

På denne tida, som no, var Disney blant dei fremste i animasjons-tv for born. No har sideprosjektet Oh My Disney laga ei gjenskaping av «DuckTales»-introduksjonen som du kan sjå i toppen av artikkelen, som eit ledd i si 90-tallsveke.

Andre artiklar i samlinga er blant anna «Korleis hadde Disney-figurane sett ut på 90-talet?», der Hades frå «Hercules» gjer eit stormløp inn i dyreprintkategorien med denne frakke jakka:

I tilfelle du har gløymd det, så såg og høyrdest originalen frå «DuckTales» ut som dette her i Noreg – med Ellen Nikolaysen på vokal. Kom bli med til Andeby: