I USA finst det heile kyrkjelydar som ber om at Rihanna skal kle på seg. Norske kvinner gjer sannsynlegvis det same. For når appelsinhuda speglar seg på eit nyoppussa bad med altfor sterkt lys, blir gapet stort mellom røynda og Rihanna sine mangoskalkar.

Det er i dette spennet stylistane Trinny Woodall og Susannah Constantine entrar scena. Trinny & Susannah har allereie 5000 kvinnelege oppussingsobjekt på samvitet. I mange år har dei hatt stor suksess med engelske bli-ny-program, som dei har eksportert til mange andre land. I vinter er dei altså i Noreg.

«Trinny & Susannah – Oppdrag: Norge» er kvinners «Band of Brothers». Av kvinner, for kvinner, for at dei skal føla seg som kvinner. Og etter å ha lært kunsten å sjå ut som seg sjølve, med den midja dei ikkje trudde dei hadde, skal kvinnene forstå at dei ikkje er smellfeite likevel, og kan visa seg fram for all verda.

Det er Dagbladet si kvinnesatsing, magasinet God Torsdag!, i fjernsynsform. Her rår slagord som «Ta kroppen din tilbake! Du er hovudpersonen i ditt eige liv!», men hjå Trinny & Susannah slepp me «Kvitt deg med det farlege magefettet!».

Forteljarstemma opplyser oss: «Etter at de har eliminert schedelige farger og dårlig stil, får kvinnene se at ekte skjønnhet kommer fra innsiden».

Kleda skal nemleg endra korleis deltakarane ser på seg sjølve. Så skal dei entra scena med måpande venner og familie i salen, før dei får ein sjølvtillitsboost på motemoloen, akkompagnert av anerkjennande applaus. Oppvakte sjåararar vil leggja merke til at den norske, avmålte klappinga blir forsterka av lyden frå uidentifiserbar hoiande applaus.

Lettrørte sjåarar er lette offer for Trinny & Susannah. Nokon av oss får litt rusk på auga når Trinny & Susannah gjer det me lenge har drøymt om; konfronterer ein 20-årig onepiece-eigar med valet av sparkebukse, og klipper opp fleire par crocs. Andre vil fella tårer på grunn av det tjukke laget med kjensler.

Pianoklimpringa er aldri langt borte når historiene om såra livet gir, blir avdekka. Å bli forlatt og utstøytt har gjort noko med deg. Men Trinny & Susannah ser den vakre kvinna trass kvit boblekåpe. «Because you are beautiful», seier Susannah med Jenny Skavlan-stemme.

Trinny & Susannah er overraskande gode terapeutar. Når deltakarane står fysisk og psykisk halvnakne med barneskulemobbing i kofferten, står stylistane klare med snytepapir og bamseklem. «Eg lovar at du skal blir komfortabel med din eigen kropp», seier dei.

Det er iallfall det programmet vil tvinga gjennom. At barndommens sår skal bli helbreda i løpet av minutt, er éin ting. Men Trinny & Susannah drar det litt langt når dei trur konseptet vil gje Carina (26) forsonande mot til å ta kontakt med faren som forlot familien då ho var lita.

Like kleint er det når språkbarrieren legg dempar på dynamikken mellom dei rappkjefta stylistane og språkfattige nordmenn. Mange av replikkane til Trinny & Susannah fell på steingrunn i møte med folk som ikkje har engelsk som morsmål.

Linn (25) står på scena med forventing i blikket og ei midje ho ikkje trudde ho hadde. Susannah ber kjærasten om analyse.

Lillehammergut svarar:

«Øh, hun er fin, faktisk… I thinks that she looks nice».

«What kind of word is nice!? Look at her, don’t you want to go home and shag her brains out!? Speak up, for God’s sake!»

(Pause.)

«Yes, I want to.»

 

«Trinny & Susannah – Oppdrag: Norge» sendes mandag til torsdag på FEM