Det er nok «Hitchhikers Guide to the Galaxy»-bøkene Douglas Adams er best kjent for, men ved sidan at det skreiv han også to bøker om den holistiske detektiven Dirk Gently – ein mann som løyser gåter på måter som ikkje er heilt… konvensjonelle.

Enkelt sagt, så er han synsk – utan heilt å ville innrømme det sjølv.

No skal Max Landis («Chronicle», «Frankenstein») arbeide på ein tv-serie basert på Gently-figuren, frå IDW – eit teikneserieforlag som nyleg starta tv-produksjon ved sidan av sitt vanlege arbeid. Og det var tydeleg eit prosjekt han har sansen for:

– Ved sidan av det klassiske yada-yada-livslang fan, så er «Long Dark Teatime of the Soul» ein av dei beste bøkene nokosinne, seier Landis i ei pressemelding (via Slashfilm).

Douglas Adams var ein visjonær som for alltid forandra korleis science fiction vart skrive og snakka om, og til og med tenkt om, og til og med korleis ekte vitskap blir tenkt på – og om me hadde han vore forutan ville kulturen vår ha vore betrakteleg verre. Dette er eit drøymeprosjekt for meg, og om eg skal vere seriøs ein liten augneblink, så er det ingen måte eg hadde kunna vere blidare no.

Humorforfattaren Douglas Adams. (Foto: Douglas Adams)
Humorforfattaren Douglas Adams. (Foto: Douglas Adams)

Ideane til bøkene – «Dirk Gently’s Holistic Detective Agency» og «The Long Dark Tea-Time of the Soul» – kom blant anna frå kasserte «Doctor Who»-idear som Adams gjorde om til nye figurar då BBC ikkje ville ha manusa hans.

Douglas Adams selv meinte alltid at «Dirk Gently»-bøkene hadde mye bedre dramatisk potensial enn hans bedre kjente «Hitchhikers Guide to the Galaxy, seier Ed Victor – Adams‘ venn og agent – og lover noe godt:

– Eg trur me vil finne ut at han har rett – enno ein gong.

Landis skal skrive manuset for piloten – og oversjå resten av prosjektet som utøvande produsent. Produksjonsselskapet er Circle of Confusion, som også arbeider på «The Walking Dead».

Denne artikkelen kunne ha stansa her, men det gjer den ikkje. Historiene har nemleg blitt laga for tv-skjermen tidlegare – i 2010 starta BBC ein miniserie basert på den same figuren.

Ein litt kortlevd serie – fire episodar, totalt – som kanskje ikkje fekk ut alt sitt potensial, men med ein nydeleg Stephen Mangan («Green Wing», dei «Nescafé»-reklamane) i hovedrolla.

Og Mangan håper tydelegvis på at han kan få halde fram i rolla som Gently, iallfall på Twitter:

Korpå Max Landis svarte:

Og Mangan haldt fram:

Det siste er sjølvsagt eit sitat frå Douglas Adams-figuren Marvin – frå nettopp «Hitcchikers Guide to the Galaxy».