Eit årelangt mareritt kan bli løyst for filmskapar og gammalt Monty Python-medlem Terry Gilliam. Sidan 90-talet har han forsøkt å få si filmatisering av «Don Quijote» i lufta – men været, pengane, og verda generelt har vore mot han, noko som vart godt dokumentert i dokumentaren «Lost in La Mancha».

No er Gilliam på krigsstien igjen, melder The Wrap. Ifølgje han sjølv har han fått finansieringa på plass – og eit nytt manus.

– Eg dyttar stadig mitt eiget liv inn i filmen og forandrar den, seier Gilliam.

– Alt er i vår samtid no. Det handlar meir om korleis filmar kan skade folk. Vår hovudperson laga ein «Don Quijote»-film tidlegare i si karriere, og effekten den hadde på folk var ikkje særleg bra. Nokre blir gale, andre byrjer å drikke, nokre blir horer.

Det høyrest ut som ein litt anna versjon av filmen enn den han haldt på med på tidleg 2000-tal, med Johnny Depp i hovudrolla, som såg nokolunde slik ut.

– Det underliggande prinsippet i filmen Johnny var med i var at han skulle bli transportert tilbake til det 17. århundre, seier Gilliam om den tidlegare havarerte filmen, som han – trass alt – ikkje heilt klarer å ha 100 prosent trua på:

– Eg har gjort den så mange gonger – eller ikkje gjort den så mange gongar – at eg trur på det når eg ser det. Men eg oppfører meg som om alt går som planlagt!

På grunn av jubileumsforestillinga til Monty Python – den siste avskjeden til humorgruppa før dei igjen finn ut at dei treng meir pengar – er innspelinga av «Don Quijote» utsatt til over jul.

Til The Wrap vil ikkje Gilliam seie kva skodespelarar han har kontakt med – men Johnny Depp har sist i 2012 vore ein sterk pådrivar ovenfor Disney for å få prosjektet på beina igjen, så kven veit?

Inntil då kan du glede deg til «Zero Theorem» – Gilliams nyaste film, med Christoph Waltz i hovudrolla.