TV-serien «Doctor Who» er snart i gang igjen, og har såvidt byrja å fylle opp norske – og internasjonale – kinosalar. I fjor haust tok BBC verdsrekorden for flest samtidige kinosalsvisningar av ei direktesending, og i år forsøker dei igjen – med opninga på åttande sesong av sci-fi-serien.

‘Men kven er eigentleg «Doctor Who»?’ spør du deg kanskje – om du er ein av dei uinnvidde. Vel, det er det eg er her for å besvare. Om du derimot kjenner Doktoren godt, så får du heller stemme i i kommentarfeltet med dine favorittepisodar.

I sentrum for tv-serien «Doctor Who» er Doktoren. Han er den siste av arten Time Lords, frå planeten Gallifrey, og kan reise i tid og rom med TARDIS (Time and Relative Dimension in Space) – eit romskip forkledd som ein britisk polititelefonkiosk.

– Dei gav han ikkje ein pistol, dei gav han ein skrutrekkjar for å fikse ting. Dei gav han ikkje ein tanks, eller eit krigsskip eller ein X-Wing, dei gav han ein telefonboks der du kan ringe etter hjelp. Og dei gav han ikkje ei superkraft eller spisse øyre, eller ein varmestråle, dei gav han eit ekstra hjerte. Og det er ein utruleg ting, har showrunner Steven Moffat sagt om Doktoren.

Men meir om Moffat seinare.

Time Lord-rasen kan regenerere seg – noko som er årsaken til at «Doctor Who» nyleg hadde 50-årsjubileum. Dette kom inn som ein idé frå serieskaparane etter at William Hartnell – den første Doktoren – vart for sjuk til å spele rolla vidare.

Sidan dette har til saman 13 ulike skodespelarar vore Doktoren fast, gjennom 786 episodar av tv-serien.

Doctor Who
Den første, andre, tredje, fjerde, femte, sjette, sjuande, åttande, War Doctor, niande, tiande og ellevte Doktoren. Peter Capaldi er nestemann ut. (Foto: BBC)

Men slapp av – du treng ikkje å sjå alt. Mellom 1986 og 2005 hadde serien ein lengre pause – alt før dette er rekna som «Classic Who», alt etter er «New Who». Denne guiden vil fokusere på sistnemnde.

Å starte på den nyaste sesong 1, med den niande Doktoren (Christopher Eccleston) er ein grei variant, men nokre hevdar også at du fint kan starte med sesong 3, og den tiande Doktoren (David Tennant).

Litt fordi Tennant ofte er rekna som den mest populære skodespelaren – men alle har sin favoritt, det er litt som James Bond-skodespelarar – og litt fordi det var først på dette tidspunktet at BBC skjønte at dei kunne ta seg råd til å bruke pengar på serien.

Før dette tidspunktet var serien minst like mykje «interessante sci-fi-tema innimellom sølvfolie og gummimasker». Sjarmerande, men det tek dermed litt meir innsatsvilje å kome inn i serien på dette tidspunktet.

Idet serien når sin femte sesong kjem den ellevte Doktoren (Matt Smith) inn, med desto større budsjett, og han har haldt på merksemda i tre sesongar fram til den tolvte Doktoren (Peter Capaldi) no tek over.

Regenereringa hans såg slik ut:

Med seg har Doktoren ofte hjelparar – såkalla «companions» – mennesker han fattar interesse for langs vegen, som blir med han på reisene, eventyr som strekk seg frå fjern fortid til fjern framtid.

I nyare tid har desse stort sett vore jenter, anten det er unge Rose Tyler (Billie Piper), meir vaksne Donna Noble (Catherine Tate), Martha Jones (Freema Agyeman), paret Amy Pond (Karen Gillan) og Rory Williams (Arthur Darvill), og no til sist Clara Oswald (Jenna Coleman).

Som alle britiske seriar med lange tidsløp vil du kjenne att mange skodespelarar frå til dømes «Harry Potter» eller «Game of Thrones». Nokre dukkar til og med opp fleire gonger i ulike roller. Karen Gillan hadde til dømes ei birolle i episoden «The Fires of Pompeii», og i den same historia dukka også Peter Capaldi opp, som nokon heilt andre enn Doktoren.

Det er fleire grunnar til at eventyra pleier å svirre rundt vår planet. Først må det seiast at Doktoren elskar menneskerasen, og han har redda oss oftare enn eg kan nemne i éin enkel artikkel.

Den andre er at det rett og slett er billegare å spele inn ein tv-serie i eksisterande kulisser, som gamle viktorianske landsbyar, eller i det moderne London eller Cardiff.

Dei to nyaste Doktorane – før Peter Capaldi slår til. (Foto: BBC)
Dei to nyaste Doktorane – før Peter Capaldi slår til. (Foto: BBC)

Dei fleste episodar av «Doctor Who» er ei enkeltståande historie, omtrent som ein liten film. Det er greit å ha litt førehandskunnskapar om figurane, men ofte fungerar handlingane litt uavhengig av det som hender i resten av serien.

Det er ikkje tilfeldig at Douglas Adams – mannen bak «Hitchhikers Guide to the Galaxy» – kunne ta nokre av sine refuserte «Doctor Who»-manus frå 80-talet, og gjere dei om til bøkene om den synske privatdetektiven Dirk Gently.

Om du har sett alt av «Doctor Who» – også med dei ulike spin-offane «Torchwood» og «The Sarah Jane Adventures» – er det berre å glede seg til laurdag kveld, når den åttande sesongen startar. Om du har sett alt unntatt den siste sesongen er det berre å kaste seg rundt og sjå alt på Netflix – som nyleg slapp heile sjuande sesong.

Det er Steven Moffat som er den noverande showrunner for serien, etter at han tok over for Russell T. Davies etter sesong 5. Sjølv om han har blitt kritisert for mykje – av og til også med rette – er han blant BBC sine leading men på manussida, ettersom han også held tømene for den britiske allmennkringkastaren sin nyversjon av «Sherlock».

Steven Moffat
Showrunner, manusforfattar og «Doctor Who»-fan Steven Moffat. (Foto: BBC)

Om du ikkje har sett noko som helst, og vil sjå deg raskt opp før åttande sesong startar, så er det følgjande eit forslag: 13 historier i serien – ei grei balanse mellom den store forteljinga, og gode enkelthistorier.

Desse er du ferdig med på omtrent 13,5 time.

«Rose» (S01E01) – Den første episoden av «New Who», set mykje av prinsippet for den nye serien og introduserar Doktoren og hans nye følgjesven Rose.

«Dalek» (S01E06) – Introduserar Doktorens gamle erkefiendar, den morderiske Dalek-rasen, som er viktige for resten av serien.

«The Empty Child»/«The Doctor Dances» (S01E09-10) – Det viser seg at det er meir mellom himmel og jord under den andre verdskrigen.

«The Christmas Invasion» (S02E01) – Introduserar fleire viktige figurar, og er innmarsjen til David Tennant som den tiande Doktoren.

«The Girl in the Fireplace» (S02E04) – Ei nydeleg enkelthistorie – frå Versailles på sitt flottaste – som viser korleis serieskaparane si leik med tid kan fungere for Doktoren.

«Army of Ghosts»/«Doomsday» (S02E12-13) – Hjarteskjerande avslutning på den andre sesongen, som tilfører meir klangbotn i dei mørkare delane av Doktoren.

«Blink» (S03E10) – Dette er manusforfattar Steven Moffat på sitt beste – ein skummel, hjernevridande episode som gjerne er enkeltepisoden som vert trukke fram som den aller beste i tv-serien hittil.

«Utopia»/«The Sound of Drums»/«Last of the Time Lords» (S03E11-12-13) – Endå ein av den klassiske Doktorens erkefiendar vert henta fram igjen i eit tre-episodars mareritt for vår helt.

«Silence in the Library»/«Forest of the Dead» (S04E08-09) – Hysj, «Doctor Who» vart endeleg skummelt igjen. Og forresten, en viktig skikkelse i Doktorens liv blir introdusert.

«Vincent and the Doctor» (S05E10) – Dette er episoden nesten alle byrjer å gråte av. Ei flott enkelthistorie, uavhengig av resten av universet.

«The Doctor’s Wife» (S06E04) – Neil Gaiman er gjesteforfattar, og lagar eit sidesprang som fører doktoren til ein stad han – for ein gongs skuld? – aldri har vore før.

«A Good Man Goes to War» (S06E07) – Dette er episoden der Doktoren kastar hanskane og legg all erfaring han har opparbeidd seg gjennom århundra for å bekjempe nokre av sine verste fiendar.

«The Name of the Doctor» (S07E14) – Doktorens eigentlege namn er ukjend i serien, men etter kvart som episodane trer fram kjem me stadig nærare å få vite sanninga, om litt av kvart.

Kva er din favorittepisode av tv-serien «Doctor Who»?