SPOILERS MORGHULIS til «Game of Thrones» sesong 4 og mest sannsynligvis litt sesong 5. Dette er for spente boklesarar. Artikkelen held fram under dette raffe biletet:

Game of Thrones-spoilers. (Foto: HBO)
Game of Thrones-spoilers. (Foto: HBO)

Du er sikker?

Dersom fjerde sesong av tv-serien skulle ha sluttet slik bøkene gjorde det på same stad, så ville siste episode ha sett ganske annleis ut. I staden for at Brienne hadde slåst mot The Hound, så skulle ho ha treft på ingen ringare enn zombie-Catelyn Stark.

Etter at ho vart nådeslaust drepen under «The Red Wedding» flaut ho i bøkene ned elva der ho vart gjenoppliven av The Brotherhood without Banners – den fredlause gjengen med spirituelle skranglefantar som Arya og The Hound traff tidlegare i reisene sine.

Dermed er Catelyn attende som Lady Stoneheart – hemnlysten og klar til å drepe alle som har noko med Lannister-klanen å gjere.

Fanbilde av Lady Stoneheart.

På grunn av diverse hinting frå Lena Headey, som tidlegare i år posta eit steinhjarte på Instagram (i toppen av saka), var det mange bokfans som var nysgjerrige på om ho ville syne seg i det heile teke – saman med diverse andre figurar som var kutta frå serien.

Alex Graves, som regisserte den siste episoden, har tidlegare sagt (via EW) at Lady Stoneheart aldri var tiltenkt denne sesongen:

– Å bringe tilbake Michelle Fairley, ein av dei beste skodespelarane me har, for å vere zombie ei lita stund – og berre drepe folk? Kva skulle me ha gjort med det?

Dermed håpa nokre at ho ville dukke opp i sesong 5. Fairley har no – i samanheng med at ho òg speler i den siste sesongen av «24» – avkrefta dette:

– Ja, den figuren er død. Ho er død. Eg visste historielinja, og det var det. Dei kan ikkje halde seg 100 prosent til bøkene. Det er umogeleg når dei berre har 10 timar per sesong, seier ho til Entertainment Weekly.

Så enkelt kan det seiast, og dermed vert minst eitt av dei overnaturlege elementa trukken ut av «Game of Thrones»-tv-serien. Dermed kan me legge endå ein ting til lista over ting me veit om femte sesong som er venta attende til våren neste år.