Denne saken oppstod fordi Filter-redaksjonen ved fleire høve denne helga – i minst to ulike byar – var triste då dei såg litt for store delar av publikum forlate «Guardians of the Galaxy» idet rulleteksten – og Jackson Fives «I want you back» fada over til kvit tekst på svart bakgrunn.

Dermed gjekk dei glipp av scena på slutten av rulleteksten – du veit, den som alltid er i ein Marvel Studios-film.

Difor følte vi for å minne deg på at du aldri må forlate ein Marvel Studios-film før rulleteksten er over.

Sånn, dét var alt.

Neida, vi skal sjølvsagt pepre deg med litt info til kva greia med Marvels rulletekstscener eigentleg er.

Dei snurrige teaserscenene er der nemleg ikkje berre for at kinosjåarar skal bli lurt til å sjå kven som gjorde catering på Marvel-filmane – den er der for å sjå framover i universet og leike litt med nerdeting for Marvel-universet.

Men først hoppar me litt tilbake i tid.

Mange filmar har gjort variantar av «stingers» – scener rundt rulleteksten – som til dømes James Bond-filmen «From Russian With Love» som i 1963 la opp ein tekstplakat med eit frampeik til «Goldfinger». Not Quite The End – James Bond Will Return.

Men det var med «The Muppets Movie» i 1979 at denne typen avslutningsscener starta for alvor. Den fem minutt lange rulleteksten – som panorerar gjennom backstage blant våre tøydukkeheltar avsluttast med Animal som skrik «GO HOME!»:

Året etter heiv «Hjelp, vi flyr» seg på med ei scene der taxikunden som blir forlatt i byrjinga av filmen framleis sit i taxien sin – og ventar:

«Ferris Buellers Day Off» («Skulk med stil») tok eit blad ut av boka til «Muppets» og avslutta med ein enkel «It’s over. Go home!».

Etter kvart, mot slutten av 90-talet, gjorde «Star Wars Episode I: The Phantom Menace» ein av sine få genistrekar då dei la til lyden av Darth Vader som pustar heilt på slutten av filmen – mot ein svart bakgrunn.

Lyden vart seinare henta fram igjen i ein av dei første – faktisk kule – teasarane for «Star Wars Episode II: Attack of the Clones». Var det rart at folk gleda seg?

Også Kevin Smith gjorde ein variant i 2001-filmen «Jay and Silent Bob», då han henta fram igjen Gud – spela av Alanis Morissette, ironisk nok. Ho lukka midlertidig eventyrboka i hans såkalla «View Askewniverse»-filmar fram til «Clerks 2» kom ut i 2006.

I Marvel-filmane oppstod rulletekstscena ikkje før «Iron Man» i 2008 – då vi for første gang fekk sjå Samuel L. Jackson som Nick Fury hinte til eit større univers for superheltane.

Seinare spreidde det seg til alle filmens hjørner. I tillegg til absolutt alle Marvel-filmane, dukka slike scener opp i alt frå blockbusters som «Pirates of the Caribbean» og «Harry Potter» – til mindre filmar som «Zombieland» og «Buried». Til og med norske «Kill Buljo 2» peikar framover etter endt rulletekst.

Trass at mange filmar bruker verkemiddelet, så ynskjer ikkje Marvel å gi seg med det.

– Eg vil ikkje vere i den kinosalen for første gong når to folk sit igjen i salen og ingenting skjer, sa Marvel-sjef Kevin Feige rundt «Avengers»-tider.

– Eg likar at me har trent opp iallfall noko av publikummet til å bli igjen og få ei lita belønning.

«Avengers» har for øvrig ei av de beste rulletekst-scenene hittil – det slitne superheltlaget som spiser kebab i stillheit etter endt slag.

Kva som dukkar opp i slutten av James Gunns «Guardians of the Galaxy» skal eg ikkje avsløre her, men eg kan seie såpass at det speler mykje på regissørens forkjærleik for merkelege univers, teikneserie-sex og bisarr humor.

Var du blant dei som såg avslutningsscena i «Guardians of the Galaxy»?