Sundancefestivalen i Utah er ein av dei største amerikanske marknadsplassane for film – her avgjøres mye av hva amerikanerne (men også du og jeg) får se på kino de nærmeste årene.

Under fjorårets festival hadde innkjøperne møtt mannssterke opp for å se stjerneregissør Kevin Smiths nye film, «Red State». Smith er mest kjent for komedier, men dette var en skrekkfilm om amerikanske fundamentalistiske sekter, og kor langt dei tøyger grensene i sin kamp mot synda. Forhåndshypen var betydelig.

Distributørane hadde opne lommebøker og sat lutter øre, men etter at visningen var over gjorde Smith noe uvanleg. Han gikk opp på scenen og ga en forelesning om hvor dårlig dagens distribusjonsavtaler er for filmskaperne.

Han ga samtidig beskjed om at han ville beholde alle rettigheitene til filmen sjølv. Man kan si at Smith med dette gjorde ære på karriera si, ei karriere full av kontroversar og storkjefta uttalelsar:

Filmens veg til Noreg har dermed vore litt uvanleg. Etter Sundance-oppstyret tok Smith filmen på USA-turné gjennom sitt eige distribusjonsselskap Smodcast Pictures, som har vokst fram frå det vesle podcastimperiet hans.

Dei heldige som har fått sett den på den nordamerikanske turneen har ikkje berre fått filmen, men óg ein av hans sedvanlege «questions & answers»-sesjonar, som i følgje vitneskildringar har vara mange timer om gangen. Ingen skal seie at han ikkje er pratsom!

På grunn av mange interesserte, kombinert med relativt dyre pakkeprisar for opplevinga, har han faktisk også klart å få produksjonen i overskot.

Sjølv kallar han det ein revolusjon i filmdistribusjon, men det er vel heller usannsynleg at det vil fungere for særleg mange andre.

«Red State» har fått blanda mottaking, og har blitt omtalt som både den beste og den verste filmen til Kevin Smith. Og skal eg vere heilt ærleg, om eg ser på den som ein skrekkfilm, så er den ikkje fantastisk. Men den er like vel eit artig blikk på det amerikanske bibelbeltet, og især på fanatiske, kristne sekter som Westboro Baptist Church — ei kyrkje Smith er veldig lite begeistra for.

For sjølv om regissørevnene til Kevin Smith aldri har vore heilt på topp, er pennen hans like sylskarp som før, og Michael Parks som den karismatiske sektleiaren Abin Cooper er til tider magnetisk.

Utradisjonelle valg har prega Smiths filmar sidan starten.

Det veit alle som har sett filmen «Clerks» frå 1994 — og lurt på kor lenge filmen skulle vere i svart-kvitt. Like vel er det hans absolutt mest morosame film.

«Mallrats» som kom året etter var kanskje den førre gode filmen hans. Dei påfølgjande filmane er fulle av lynskarp — og veldig, veldig nerdete — dialog, men dei vert som oftast litt for opptekne av seg sjølv til å skine. Ja, ok «Dogma» var artig då, men nevn éin komedie med Alan Rickman som ikkje er god…

På lik linje med Quentin Tarantino — Smith sin ven og muse — får ein ofte kjensla av at samtalane og sitata frå filmane til Kevin Smith er tekne direkte frå hans eigne samtalar med vener. Anten det er snakk om ringverknadane på handtverkarbransjen etter opprørarane sitt angrep på den andre Dødsstjerna, eller diskusjon om internett-troll på forum; ein kan sjå for seg Smith diskutere det. Denne rappkjefta innstillinga får ein óg sett mykje av utanfor filmens verd, blant anna i Smith sine eigne sceneshow. Her er ein personleg tanke som seinare fann vegen inn i ein dialog i «Clerks II»:

Dei neste filmane til Smith er sentrert rundt ishockey — sporten i hans liv.

Etter hans eigne uttalelsar vert «Hit Somebody: Home» og «Hit Somebody: Away» dei siste filmane han nokon sinne kjem til å lage. Han er lei av den filmverda, kranglete filmsjåarar, og sure filmkritikarar. Dette betyr dog ikkje at han sluttar å skape ting.

Realityserien «Comic Book Men» skal gå like etter «The Walking Dead» på AMC det komande året. Serien omhandlar livet og diskusjonane i teikneseriebutikken Silent Bob’s Secret Stash i heimstaden Red Bank. Serien debuterar den 12. februar på AMC, og er produsert av folka bak LA Ink: