Men… Er det ikkje? Nei, det er ikkje Robert De Niro. Det er William Forsythe. Meir om det om litt.

Denne filmen heitte ein gong «Raging Bull II». Dette til trass for at den hadde ingenting med filmen frå 1980, som hadde Martin Scorsese bak kamera, og MGM i ryggen.

Den nye filmen er lovleg basert på boksaren Jake LaMottas eigne memoarer, og har slik sett heilt lov til å likne på Scorseses historie. Det MGM først reagerte på var at den marknadsførte seg som ein oppfølgjar, men etter eit kjapt søksmål heiter den no «The Bronx Bull», og ser omtrent slik ut:

Søksmål til trass, det ser ikkje ut som «The Bronx Bull» fjernar seg heilt frå formspråket til Scorsese – blodige boksarar i svart-kvitt kallar gjenkjenneleg att til det som av fleire kritikarar vart kalla 80-talets beste film (om «Raging Bull» faktisk er det, vert ein anna debatt).

Robert De Niro i «The Raging Bull». Litt likt? (Foto: SF Norge)
Robert De Niro i «The Raging Bull». Litt likt? (Foto: SF Norge)

«The Bronx Bull» er ein uavhengig film regissert og skriven av Martin Guigui. Den yngre LaMotta er spelt av Mojean Aria, og den eldre av ein sterkt sminka William Forsythe («Raising Arizona», «The Rock»). Forsythe har allereie sagt at filmen på fleire måtar kan bli betre enn sin «forløpar»:

– Eg forstår [motstanden] på grunn av at det var ein slik ikonisk, nydeleg førstefilm – kanskje ein av dei beste i historia. Men vår film har meir hjarte, og eg synest det er ei nydeleg beskriving av kven Jake verkeleg er, sa han for omlag to år sidan.

Filmen har enno ikkje fått ein premieredato, og det er heller ikkje komt noko umiddelbart reaksjon frå MGM på kva dei synest om likskapen til originalen.

Det vil seie, det er jo dette som er originalen:

Rett på DVD?