Dei beste bileta får du på radio, seier alle som nokosinne har arbeidd i lydmediet. Me er ikkje snauare enn at me gjer eit lite unntak og melder om ein liten ikkje-visuell Noregsnyheit når podcasten «Welcome to Night Vale» no tek sceneshowet sitt til Noreg i oktober.

Utgangspunktet er ein ørkenby i eit parallellt univers der alle konspirasjonsteoriar er sanne og fullstendig normale, levert gjennom den trivielle praten til småbyradioprogramleiaren Cecil Palmer (Cecil Baldwin).

Etter rundt 50 episodar på iTunes, der den hovudsakleg held seg innanfor topp 10-lista, tek det bisarre universet sin første tur til Europa i haust.

– Det er alltid vrient å svare på kva som gjer eit kultfenomen til eit kultfenomen, seier Stian Pride, konsertarrangør i Goldstar Music, som står bak bookingen.

– Podcasten sammenlignes ofte med «Twin Peaks», og de har nok definitivt latt seg inspirere av absurditeten til Lynch. Kanskje de har peilet seg inn på det aspektet, tilført mer humor, plassert galskapen i en underlig liten ørkenby – og helt uventet truffet en nerve?

Serien vart skapt og skriven av Joseph Fink og Jeffrey Cranor for forlaget Commonplace – og har blitt beskrive som om «Stephen King og Neil Gaiman bygde ein by i «The Sims» og lot den gå i årevis».

I Noreg er det episoden «The Librarian» som skal framførast den 26. oktober på Cosmopolite, med Cecil Baldwin og alternativmusikar Mary Epworth på scena. Epworth står også for musikken, sikkert gjennom en av episodenes typiske «vêrrapportar».

På øyret er det ei unik oppleving – om svevande kattar på toalett, englar som besøker gamle damer, og hundeparkar som ingen snakkar om. Å putte internett på ei scene kan dermed bli interessant.

– Eg håper at fansen kjenner si besøkelsestid, det er ein betydeleg fanbase i både Oslo og Noreg for øvrig. Men eg håper og trur òg at dei vil tiltrekke seg nye lyttarar som følgje av framføringa, seier Pride.

Meir informasjon om hendinga finst på Goldstar si Facebook-side.