Me kan bli litt forvirra av tidslinjene alle som ein, men me er ganske sikkert på at den komande «Terminator»-filmen «Genisys» er den femte i rekkja.

Arnold Schwarzenegger er attende (også i omtrent alt anna han spelte på 80-talet), og med seg på laget har han blant andre Emilia Clarke og Jason Clarke (ikkje i slekt), som henhaldsvis Sarah Connor og John Connor (i slekt).

I denne vekas Entertainment Weekly er det – i tillegg til store, flotte bileter – ei beskriving av handlinga i den komande filmen.

Sarah Connor, slik me kjenner ho frå «Terminator» og «Terminator 2».
Sarah Connor, slik me kjenner ho frå «Terminator» og «Terminator 2».

Mykje er nemleg forandra sidan 1984, Sarah Connor er ikkje den ho var i T1 og T2:

– I staden vart menneskeheitas mor foreldrelaus av ein Terminator då ho var 9. Sidan då har ho blitt oppfostra av (gjer deg klar) Schwarzenegger-Terminatoren – ein eldre T-800 som ho kallar «Pops» – som er programmert til å beskytte heller enn drepe. Som resultat av dette er Sarah ein godt trent antisosial einstøing som er fantastisk med ei snikskytterrifle, men ikkje så flink med nyansane i menneskelege kjensler.

Dermed er ganske mykje forandra sidan dei fire førre filmane. «Genisys» er trass alt ein reboot, og leiker seg slik med tidslinjene i ein serie som alltid har handla om tidsreiser. Så gjenstår det berre å sjå om manusforfattarane Patrick Lussier og Laeta Kalogridis klarar å sy dette saman.

Planen er at denne filmen skal bli eit springbrett for ein ny «Terminator»-trilogi fram til 2019 – då rettigheitene går attende til James Cameron. Om ikkje så kan kanskje denne operaversjonen av «Terminator 2» vere ein anna idé å gå ut frå:

Regi er ved Alan Taylor («Game of Thrones», «Thor: The Dark World»), Jai Courtney («Spartacus: Blood and Sand») og Matt Smith («Doctor Who») har andre roller i filmen.

Apropos tidsreiser, Matt Smith har ei rolle som ein hittil mystisk, tidsreisande figur – fantasien treng vel ikkje løpe løpsk for at den første me tenkjer på er hovudpersonen i «Doctor Who».

«Terminator: Genisys» får norsk premiere den 10. juli 2015.

term-genisys-2

term-genisys-1