Året nærmar seg slutten, så det er naturleg å forsøke å trekke trådane og prøve å seie noko klokt om trendar det siste året. Sidan eg er ute av stand til det, har eg heller prøvd å samle ei liste over dei beste trailerane i 2011.

For eksklusiv adgang til denne lista måtte trailerane oppfylle eitt av to krav: traileren må ha blitt slept i 2011, eller filmen traileren tilhøyrer må ha blitt slept i 2011.

Det skulle vise seg å vere ein hard kamp mot elementa. Resultatet er lista du ser under, ei ytterst USA-sentrisk affære.

10. «Sucker Punch»
Denne traileren prøver å spele på så mange strengar hjå meg som mogeleg, og eg skal innrømme at den delvis klarte det då eg først såg den. Diverre, så må trailerar av og til leve opp til forventningane dei skapte, og der fell «Sucker Punch» gjennom på alle måtar.

Den fortenar like vel plassen på mi liste i rein nostalgiverdi, over ei tid eg framleis så vidt kan hugse, frå ei tid då eg endå ikkje hadde sett «Sucker Punch».

9. «Brave»
Det kan nok vere at det er Pixar-namnet som gjer til at denne filmen er med på lista. Og at det er noko radikalt anna enn — den heilt gjennomsnittleg ok, men difor veldig skuffande — «Cars 2». Og at Billy Connelly har stemma til kongen. Og fordi den blant anna har rollefigurar som heiter MacGuffin og Macintosh. Og fordi eg følte eg måtte ha med ein animasjonsfilm her. Og sjølvsagt, fordi hovudpersonen er ei raudhåra jente… Vent, kva var poenget mitt igjen?

8. «Super 8»:
Steven Spielberg har det framleis inne, altså. Uansett kor mange Spielberg Faces han kastar inn i filmane sine, så er den underfundige stemninga av nysgjerrigheit absolutt til stades. Nei, vent, dette var jo ikkje ein Spielberg-film, det var ein J. J. Abrams-film…

Jaja, koseleg er det like vel, og Abrams tek med seg eit visst element av mystikk (og lens flares) som fungerar veldig godt i samarbeid med Spielberg. «Super 8» er eit moderne kjærleiksborn mellom to store filmskaparar, og denne traileren skapar spenning ved å knapt vise monsteret på same måte som «Jaws» i si tid.

7. «Drive»:
I likskap med Sucker Punch har denne filmen med det viktigaste som hovudpersonen seier, men i motsetning til Sucker Punch, så er det alt denne traileren trenger.

Eg skjønar for så vidt kvinna som saksøkte selskapet fordi ho følte at traileren lova ein meir action-fylt film enn det «Drive» eigentleg er, for på desse to og eit halvt minutta får du dei fleste actiondrevne scenene filmen har å by på. Det viktigaste er dog alt mellom desse scenene.

6. «Wrong»:
Hadde eg laga ei tilsvarande liste i fjor, hadde nok Quentin Dupieux sitt førre prosjekt — «Rubber» — blitt med. I år er han tilbake med «Wrong» og kroneksempelet på ein såkalla non-trailer; I motsetning til dei fleste trailerane på lista seier denne minimalt om kva filmen handlar om, og held så på spenninga til dei som faktisk likar å vente med å sjå ein film til dei sit i salen.

5. «Tinker, Tailor, Soldier, Spy»:
Frå regissøren som gav deg «Låt den retta komma inn», frå skodespelarane i nokre av dei beste filmane dei siste tiåra, frå ein forfattar som har lagt til rette for spionsjangeren som kunst sidan 50-talet, og frå produksjonsselskapet Working Title som kvart år passar på å ha minst éin film som garanterar endå ein Oscar- eller BAFTA-statuett som dørstopper til kontoret.

Denne filmens crewliste er som om ein skulle ha dekt Hollywoods beste utøvarar i melis, og bedt ein feit unge om å velgje ut dei 120 han synest såg best ut. Det må jo bli bra.

4. «Cowboys & Aliens»:
Eit klassisk eksempel på «konsept framfor historie»-bølgja som har ridd Hollywood som ei mare det siste året. Denne traileren har det viktigaste du treng å vite allereie i tittelen, eventuell ekstrainformasjon finn du i traileren.

Kvifor liker eg denne traileren så godt? Fordi den gir meg absolutt alt eg treng å vite om «Cowboys & Aliens», til den grad at eg endå ikkje har sett filmen, og mest sannsynlegvis ikkje kjem til å gjere det heller — til trass for både Daniel «Blue Steel» Craig og Harrison «Klarar aldri å leve opp til 80-talet» Ford.

3. «John dies at the end»:
Kanskje er det på grunn av opnings-skuddet som nærast i «Fargo»-sk stil visar glorifisert vold i snøfylte landskap? Kanskje er det fordi eg har ei stor interesse for det meste som Paul Giamatti plantar sitt ansikt i? Kanskje er det fordi regissøren for «Bubba Ho-Tep» står bak, og fordi dette er prosjektet han utsatte ein Bubba-oppfølgjar for å spele inn?

Det som er sikkert og visst er at «John Dies At The End» — til trass for sitt ynskje om å spoile slutten sin — ser ut som eit flott stykke film.

2. «Girl With The Dragon Tattoo»:
Denne traileren hadde meg med søkk og snøre frå første venstresving. Om du ikkje har levd der ingen skulle tru at nokon kunne bu dei siste åra, så har du fått med deg at David Fincher — det mellom-menneskelege mørkets herre — lagar ein remake av «Menn som hater kvinner».

Eg har alt sett originalen, og rapportar tilseier at filmen i stor grad liknar på sitt opphav, men ein meisterleg komponert trailer gir meg like vel lyst til å sjå alt om igjen. Dette er mannen hvis regidebut var ein anti-røyk-reklame med eit røykande foster, korleis kan det gå gale?

1. «The Dark Knight Rises»:
Hysj, hysj! Vær stille når onkel Christopher er på skjermen!