Då rebooten av «Planet of the Apes»-universet dukka opp rundt 2011, var det ikkje vanskeleg å spore skepsis. Ti år før hadde Tim Burton øydelagd mykje med sin versjon av apene, og no skulle James Franco spele i hovudrolla?

Vel, «The Rise of the Planet of the Apes» klarte seg veldig bra, og fekk – jamnt over – gode tilbakemeldingar, og den tente pengar. I Hollywood betyr det oppfølgjarar, og no byrjar «Dawn of the Planet of the Apes» å rulle ut til gode anmeldingar.

Todd McCarthy i The Hollywood Reporter trekker fram tre ting som filmen gjer bra, og meiner den – i oppfølgjarsamanheng – er som «Empire Strikes Back» samanlikna med «Star Wars: A New Hope» – betre på alle måtar:

– Tre ting veldig bra som er vanskelig nok å gjere bra åleine: Den holder en stadig spenning uten å slippe taket i to timer, den klarer å forbetre seg frå ein allereie veldig god førstefilm, og den produserer ein humanistisk bodskap ved å bruke hovedsakleg aper i figurgalleriet sitt.

Han skryt òg av Andy Serkis og Tony Kebbell (som uansett snart burde få Oscar-prisar) i aperollene sine, som motstandarane Caesar og Koba – noko som går igjen i mange av anmeldingane.

– Den emosjonelle artikulasjonen i apeansikta tek pusten frå meg – dette er meisterleg arbeid frå både Weta og skodespelarane, skriv Emily Breer i HeyUGuys.

Sjølv om apene openbart er sentrale er det nesten merkeleg kor få som eigentleg skriv om dei menneskelege rollene til Jason Clarke («Zero Dark Thirty»), Gary Oldman «Dark Knight»-trilogien, «Léon») og Keri Russel («Felicity», «The Americans»).

– Filmen er estetisk annleis enn «Rise», med Michael Seresins raske kameraarbeid frå ein slåande kald palett, og Michael Giacchinos korutfylte musikk som av og til når eit nivå av storheit som minner om Howard Shores arbeid på «Ringenes Herre», skriv Guy Lodge i Variety som i likhet med mange skryt av den dataskapte verda til Weta Workshops – gjengen som også stod bak det visuelle i «Ringenes Herre»-serien.

– Effektane gir meg hakeslepp: det er sjeldan at CGI har blitt innført med såpass mykje kunstferdigheit og djupn. Caesar og følgjarane hans er fullstendige figurar, framvist ned til kvar rynke og kvart rygghår (sjølv om det kan vere litt vanskeleg å skilje mellom dei av og til). «Cloverfield»-regissør Matt Reeves meistrar actionsekvensane sine nydeleg – ein storslått kamp midt i filmen er ein triumf, skriv Tom Huddleston i Time Out som likevel meiner at manuset er litt for forutsigbart.

Politiske bodskap? Nei, det har me aldri høyrd om. (Foto: Twentieth Century Fox)
Politiske bodskap? Nei, det har me aldri høyrd om. (Foto: Twentieth Century Fox)

Blant dei få som er hovudsakleg negative til filmen finn ein John Hazelton i Screen Daily, som meiner denne i hovudsak er mindre emosjonelt sterk enn den førre:

– Ingen av figurane er særleg minneverdige, og allusjonane til problem med økologi og rasisme er for vage til å gjere eit særleg inntrykk.

Politiske bodskap er noko andre òg pensar innpå – men i Variety meiner Lodge at filmens openbare kritikk av våpenkontroll kanskje blir litt vel tung på handa, men at filmen i det minste nyanserar biletet frå den første filmen litt, og legg litt skuld på apene også.

Det overveldande inntrykket sålangt er likevel veldig positivt, alt i alt lovande frå ein film som eg for 12 år sidan ikkje hadde hatt trua på i det heile teke.

«Dawn of the Planet of the Apes» får Noregspremiere den 18. juli.