Oppdatert: Showtime har annonsert at dei bringer «Twin Peaks» tilbake for ni episodar.

David Lynch og Mark Frost arbeider for tida på manuset, ifølgje Variety, og Lynch har planar om å regissere heile sesongen.

Målet er å vise den vesle landsbygda 25 år etter me først besøkte den i 1990, med andre ord vil figurane mest sannsynleg vere nye. Det er ingen rapportar om skodespelarar enno, men om Dale Cooper returnerar vil det i så fall vere i ein eldre versjon enn me har sett han før.

Mark Frost la ut denne videoen som ein teaser på kva me får sjå i 2016.

Tidlegare i dag: TV-serien «Twin Peaks» hadde 25-årsjubileum i haust, noko som førte til ei rekkje nye intervju, trailerar og heile serien i fersk Blu-Ray-kvalitet.

Fansen trudde kanskje at det var det for i år, men så tweeta serieskapar David Lynch og hans medmanusforfattar Mark Frost dette på fredag kveld, samtidig:

Sitatet kjem frå «Twin Peaks», og tilhøyrer ein av dei mest berømte sekvensane – nemleg drøymemøtet med dvergen i det raude rommet:

Tweetinga i seg sjølv er kanskje ikkje så oppsiktsvekkjande, men ein må ta med i rekninga kva FBI-agent Dale Cooper (Kyle MacLachlan) seier i seriens første episode:

– Gentlemen. When two separate evens occur simultaneously pertaining to the same object in inquiry we must always pay strict attention.

Når ein så legg til at dette vart tweeta lokal tid klokka 11.30, som er då Dale Cooper entrar kommunegrensene til Twin Peaks for første gong, så vert det med eitt litt meir spennande.

Det har vore rykter om reboots og vidare forteljingar frå «Twin Peaks» i ei årrekkje, men forsøk har kræsja kvar gong. Det siste Lynch nemnde om dette var førre månad på Lucca Filmfestival:

Laster inn

Vis på Instagram

Dette korresponderar i så fall med det Ray Wise, som spelte Leland Palmer i den opphavlege serien, sa ved feiringa av 25-årsjubileet:

– Det ville ikkje ha vore ein remake, det ville ha vore 25 år seinare. Det kan aldri bli ein remake av noko me allereie har gjort.

Etter dette gjekk ut på nettet har mange diskutert heftig, og ifølgje nettstaden welcometotwinpeaks.com har også produsent og medmanusforfattar Harley Peyton skrive «du vil ikkje bli skuffa igjen» på ein diskusjon om dei to tweetsa.

Om det er noko attkomst, og kor stor den i så fall vil vere, gjenstår å sjå. Lat oss håpe at Lynch og co. bryggjer på ein fantastisk god kaffi som dei venter på å dele med verda.