Teikneserie-anti-helten John Constantine blir gjenopplivna til tv-skjermen i haust. DC Comics har allereie «Arrow» gåande på TV, men «Constantine» verkar å vere ei litt mørkare affære – iallfall om ein skal ta opphavsmaterialet til grunn.

John Constantine er ein okkult detektiv og eksorsist med eit litt dystert syn på livet, ein nær ven av Swamp Thing og diverse andre mørkare heltar – og var hovudfigur i «Hellblazer»-teikneseria frå 1988 og utover.

I traileren til tv-serien verkar Matt Ryans Constantine å vere mykje av det same, med eitt heiderleg unntak: Constantine har slutta med sigarettane sine. Ikkje tilfeldig, seier seriens pilotregissør, Neil Marshall i eit Collider-intervju:

– Det er den éine tingen, det er vel eit slags kompromiss. På nettverkskanalar, så er det éin ting – du kan ikkje røyke på nettverkskanalar.

Nettverkskanalar er kanalar som NBC, CBS og andre, som er tilgjengelege for alle med ein TV. I USA er desse underlagd strengare sensurkrav enn kabelkanalar som HBO – velkjend for sex og vald – og AMC – med kjederøykande «Mad Men» i stallen.

Om du gjer eit bildesøk på Google på «John Constantine» vil omlag 100 røykande menn smile attende til deg. Og eit viktig ledd i teikneserien er nettopp at figuren har lungekreft, så kva tenkjer dei å gjere med det?

– Det er eitt av karaktertrekka hans. Me arbeider rundt det. Me prøver å få så mange aspekt av det inn der som mogeleg. Me får sjå, seier Marshall, og samanliknar serien med eit anna dystert NBC-show – «Hannibal».

– Intensjonen er å vere så mørk og skummel som mogeleg. Og det var heile planen idet me sette i gang, å gjere det skummelt. Så me skal utforske alle dei tinga, men røykinga er veldig frustrerande.

Matt Ryans Constantine ser lengtande på Zippo-lighteren sin. (Foto: Quantrell Colbert/NBC)

Promomaterialet for serien er dermed blotta for røyk, men på ingen måte blotta for eld – Constantine har iallfall ein Zippo-lighter, og kanskje nikotinplaster eller -tyggis på innerlomma? Det gjenstår til premiera på serien den 24. oktober.

«Constantine» er berre éin av DCs mange innhopp i tv-verda i løpet av det komande året – gjerne som eit svar på Marvels store inntog med «Daredevil»-universet i 2015. Ifølgje Deadline er Comic-Con i juli staden publikum vil få sett det første av denne serien, samt «The Flash» og andre satsingar.

Er det berre dei djuptgåande teikneserienerdande som bryr seg om Constantine si røyking?