9. mai: NBC kansellerar «Community» etter fem sesongar
30. mai: Håpet levnar for fansen etter at rykte om at strøymetenesta Hulu vil lage ein sjette sesong
24. juni: Ei kjelde nær Hulu avkrefter at serien vil dukke opp igjen der
I dag: Humorserien får ein ny sesong, og det er Yahoo som finansierar serien(?)

Det var «Community»-fansen sine siste to månadar kjapt oppsummert. Dan Harmons merkelege univers – sentrert rundt ei studiegruppe på Greendale offentlege høgskule – får altså ein ny 13-episodars sesong etter at alt håp verka å vere tapt, melder blant anna Vulture.

– Eg ser fram til å bringe vår elska NBC-komedie til eit større publikum ved å flytte den online. Rest easy, «Big Bang Theory». Look out, «Bang Bus»!, seier Harmon sjølv i ei pressemelding.

Dan Harmon

– Vi har sett på det ei stund, seier marknadssjef Kathy Savitt i Yahoo til THR, som trekker fram engasjerte fans som ein hovudgrunn.

– Vi har vore fans både personleg og profesjonelt av «Community» og Dan Harmon, som er eit geni, men det som verkeleg imponerte og inspirerte oss var fanbasen. Dei har brukt digitale kanalar til å vise pasjon og vilkestyrke for eit program som er viktig for dei på så mange måtar.

Ho forklarar at nye episodar vil dukke opp allereie før året er omme, med Dan Harmon som showrunner og manusforfattar, samt hans andrepilot Chris McKenna som produsent – slik serien har vore før. Produksjonsselskapet vil framleis vere Sony Pictures Television.

Yahoo – og deira strøymeteneste, Screen – tek dermed sitt første storsprang inn på marknaden med eiget materiale, etter å ha hinta til eigne prosjekt frå Paul Feig («Bridesmaids») og Mike Tollin («Smallville») tidlegare i år.

Prosessen ser ut til å likne den «Arrested Development» og Harmon-venn Mitch Hurwitz gjorde då dei gjorde ein fjerde sesong av fanfavoritten eksklusivt på Netflix.

#SixSeasonsAndAMovie har vært et slags mantra for fansen, og Sonys programsjef Zack Van Amburg, hinter nå til at det ikkje treng å vere så langt unna – som eit neste steg i prosessen:

– Er ikkje det planen vår? Det er ingen sjangs for at vi ikkje lager den nå. Med ein gong vi lager ein film, så kan vi heve blikket og sjå kor mykje meir «Community» verda vil ha, seier han til THR.

– Eg hadde loge om eg fortalte deg at me ikkje har nokre veldig tidlege og foreløpige samtalar om kva ein potensiell film kunne vere, og kven som kunne ha regissert den. Det er tidleg, men absolutt i tankeprosessen.

Spesielt Kathy Savitt trekker fram at seriens fanbase er ung, teknologibevisst og vant til å sjå tv-seriar andre stader enn på tradisjonelle tv-kanalar – men ingen seier dog noko om kvar «Community» sesong 6 vil bli å finne for fans utanfor USA.

I Noreg har serien, fram til fjerde sesong, gått på Viasat 4.