Tida då superkrefter utelukkande var morosamt er svunnen hen. Sidan 80-talets «Watchmen» har superheltane teke steget ut av den rosenraude superhelttilværelsen, og sirklar stadig nedover i eit vell av fullstendig jordlege kvardagsproblemer. I mine auger styrkar dette sjangeren, livet skal ikkje vere enkelt.

Det er her «Chronicle» kjem inn som siste skot på stammen. Kva skjer når tre heilt vanlege tenåringar får superkrefter? Svar: Dei har det kjempegøy! Og så kjem problema.

I anledning filmens noregspremiere gjorde me eit intervju — via chat! — med filmens tre hovudrolleinnehavarar Dane DeHaan, Alex Russell, Michael B. Jordan, samt regissør Josh Trank.

Sjølv om dette er langfilmregidebuten til Trank har han gjort artige ting før. Den Star Wars-inspirerte kortfilmen «Stabbing at Leia’s 22nd» frå 2007 visar fleire element som ein kan finne igjen i «Chronicle», deriblant gode skildringar av ungdomsspråk, og dokumentarisk, handholdt kamera:

— Eg har ikkje hatt sjansen til å vise den til George Lucas. Det hadde vore veldig artig, og eg er veldig nysgjerrig på korleis han hadde reagert på den, seier Trank.

«Chronicle» er ein såkalla found footage-film, men den tek nokre nye valg samanlikna med filmar som «Cloverfield» og «Trolljegeren». For det første skildrar den verda gjennom meir enn eitt kamera, og er klipt saman av ulike kjelder. For det andre er ein av fordelane med telekinetiske hovudfigurar at dei kan styre kameraet utan å vere borti det, noko som opnar mogelegheitene for shots ein vanlegvis ikkje ser i denne typen filmar.

Med på laget er blant anna Simon Hansen og Bob Habros, som har vore med som visual effects supervisors. Erfaringa frå «Live at Joburg» og «District 9» kom nok godt med i filmen.

Kva inspirerte deg til å gjere dette prosjektet?
– Eg har alltid vore fan av science-fiction-filmar, superhelt-filmar og teikneserier. Og eg har alltid hatt lyst til å sjå ein film som tok idéen om superkrefter, og putta dei inn i kvardagslege situasjonar, seier regissør Josh Trank.

– For omtrent to år sidan sat eg på eit fly, og tenkte på kor gøy det hadde vore å lage ein viral video med nokre ungdomar som kasta football med kvarandre medan dei flaug gjennom ein skybanke. Så tenkte eg på stadig fleire scener liknande scener med ungdom som hadde telekinetiske evner. Etter ei stund fann eg ut at det var meir enn ein viralvideo i det, og at det sikkert var ein god film inni der ein stad. Eg hadde endeleg funne min debutfilm!

Trank har tidlegare gjort klipping og produsering på filmen «Big Fan» med Patton Oswalt i hovudrolla som den forsmådde fotballidioten Paul. Filmen fekk aldri release på norske kinoar, men kan anbefalast for fans av mørk humor (den er tilgjengeleg på VOD). Blant anna har Trank regissert den nest siste scena, som er ein av filmens absolutt beste.

Denne gongen har han fått med seg Max Landis til å skrive manus. Max er son av regissøren John Landis («Animal House», «Coming to America»), og dette er hans debut som langfilmforfattar. I 2010 kom «Chronicle» med på The Black List — ei liste over årets beste uproduserte manus — men endeleg produsert og får norsk premiere i dag.

Kjemien mellom dei tre hovudskodespelarane har alt hausta ein del skryt frå anmeldarane.

— Me levde i eit hus saman før innspeling, sjå for deg eit «frat house». Me kjende ikkje kvarandre på førehand, men vi hadde ein Xbox. Bondinga skjedde over dataspel, seier Dane DeHaan.

Sentralt i filmen er DeHaans karakter, Andrew, som vert korrumpert av kreftene sine. Men er det greit å kalle han ein klassisk filmskurk — ein «villain»?

— Eg syntest ikkje det er rettferdig. Når ein ser filmen trur eg at du vil sjå at Andrews undergang er rotfesta i alt som skjer rundt han. Ein kan nok sjå parallellar til folk ein har sett i nyheitene, og sjølv følte eg sympati overfor karakteren hans. Han er berre ein gutunge, og han veit ikkje heilt kva han skal gjere.

— Med superskurkar må du også alltid spørje kvifor. Eg trur at dersom skurken kun gjer det ut av ondskap, så er han ein «villain». Om det er på grunn av hendelser utenfor hans kontroll, er det ikkje «villainy», legger Josh Trank til.

Tematikken og plottet i «Chronicle» har nokre likhetstrekk med den planlagte — men atter ein gong nedlagte — remaken av «Akira». Spesielt ettersom Dan deHaan var ein av dei aktuelle skodespelarane til den amerikanske versjonen. Dette er altså ikkje tilfellet.

— Hovudsakleg vil eg — uavhengig om dei er imponert over effektene eller ikkje — at dei skal nyte historieforteljinga, og at dei skal føle at dei var ein del av noko. Eg skammar meg ikkje over det, denne filmen er rein, uforfalska ynskjeoppfyljing.

Til slutt ein liten teaser som visar meir av filmens mørke sider:

«Chronicle» er ute på norske kinoar frå i dag, 3. februar.