Om du trudde du skulle få sjå endå ein trailer for «Interstellar» – beklager, den er ikkje offentleg enno. Litt meir om det lenger nede i teksten.

Christopher Nolan dukka uansett opp på nerdefesten Comic Con for første gong i går, til trass for at han tidlegare har laga fanfavorittar som «The Dark Knight».

– Eg tenkte eg skulle dukke opp for å sjekke kva greia er, sa han ifølgje The Hollywood Reporter.

Målet hans var å snakke meir om romfartsfilmen «Interstellar» – med Matthew McConaughey i hovudrolla. Deriblant snakka han om inspirasjonen for historia, som er ei tid for teknologien som han meiner ikkje eksisterar lengre – han har framleis trua på teknologien.

– Ny teknologi held seg berre til stova, sa han.

– Eg vaks opp i ei tid der å vere ein astronaut var den høgste ambisjonen. Og ideen om at me kunne utforske vidare og vidare. Eg føler den driven har falt dei siste tiåra. Eg håper at me er på randen av ein ny era som ser utover.

nolan

I «Interstellar» er jorda øydelagd av klimaendringar, og ei lita gruppe menneske arbeidar saman for å reise ut i verdsrommet med forhåpningar om å finne noko som kan løyse problema våre. McConaughey speler ein av desse pionerane:

– Eg fekk ein telefon som sa at Christopher Nolan hadde ein ny film på veg, og at han hadde lyst til å møte meg. Så eg flaug til California. Me snakka i tre timar, og sa ikkje eit ord om noko film; berre eg og han som snakka. Han likte openbart å snakke med meg, og eg likte å snakke med han. Ei veke seinare kom manuset, eg las det, eg likte det, eg var med, sa McConaughey ifølgje Slashfilm.

Dei viste også ein trailer for filmen, som diverre ikkje er offentleg enno. Hittil har me omtrent berre fått sett jorda i materialet for «Interstellar», men den nye skal visst vise det romfararane finn på reisa si også – ein merkeleg planet, med mogelegens eit eller anna form for forsvarsmekanisme.

Her er ein av dei gamle trailerane, om du ikkje alt har sett den.

Nolan snakka òg om inspirasjonskjeldene for filmen, og historia, som han beskriver som «mennesker som er mennesker». Han ville ikkje nemne alle, men trakk spesielt fram éin film.

– Når du ser filmen vil du sjå alle tinga eg har plagiert. Eg tullar ikkje når eg seier det. Den éine store påverknaden er nok «2001: A Space Odyssey». Me hadde verkeleg ein stor ambisjon med denne filmen, ikkje å gjere det «2001» gjorde, men å fortelje ei like ambisiøs historie i skala.

– Eg vil at born skal gå med foreldra sine og sjå den enorme skalaen på skjermen. Det er min ambisjon.

I tillegg til McConaughey speler også Jessica Chastain, Anne Hathaway, Michael Caine, og Casey Affleck. «Interstellar» får norsk premiere den 7. november 2014.