Captain Marvel, Black Panther, og endå fleire superheltar – Marvel viser frem planene frem til 2019

På ei Marvel-framsyning i kveld viste superheltstudioet fram planane dei hinta til tidlegare i år. Og for så vidt planane det har blitt hinta til i fleire år.
Generelt er utgangspunktet dette: Om du allereie har blitt lei superheltar no – synd for deg. Her er dei komande åras superheltlag:
- 1. mai, 2015: Avengers: Age of Ultron
- 17. juli, 2015: Ant-Man
- 6. mai, 2016: Captain America: Civil War
- 4. november, 2016: Doctor Strange
- 5. mai, 2017: Guardians of the Galaxy 2
- 28. juli, 2017: Thor: Ragnarok
- 3. november, 2017: Black Panther
- 4. mai, 2018: Avengers: Infinity War – part 1
- 6. juli, 2018: Captain Marvel
- 2. november, 2018: Inhumans
- 3. mai, 2019: Avengers: Infinity War – part 2
Frå scena forklarar Marvel at planen var å legge fram mykje av dette under årets Comic-Con. «Civil War»-tidslinja vert offisiell i «Captain America 3» – og vil handle om kampen om kven superheltane skal sjå på som sine leiarar.
Det er først i filmane frå 2017 av at direkte nyheiter vert presentert. Chadwick Boseman («42», «James Brown») skal spele T’Challa, den wakandanske rikmannen betre kjend som Black Panther.
«Captain Marvel» har heller ikkje blitt direkte bekrefta før – og sjølv om denne superhelten har vore gjennom fleire iterasjonar og variantar er det venta at det er Carol Danvers-versjonen av superhelten den vil fokusere på, noko som dermed gir Marvel deira første film med fokus på ein kvinneleg superhelt.
«Inhumans» er ein litt mindre kjend serie, som i teikneseriene fokuserar på ein rase med supermennesker – ala fram av romvesen rundt steinaldertider som eit krigseksperiment. Kven og kva filmen vil fokusere på er enno ikkje kjend, men det vil nok byrje å vise seg rundt 4. mai 2018, då den fjerde «Avengers»-filmen set i gang.
Fokuset denne gong var på filmane, men det vart også sagt at figurar frå tv-seriane vil kunne dukke opp i filmane.
I går bekrefta Marvel-sjef Kevin Feige at samansetjinga av Avengers-laget vil forandre seg etter kvart – så når me ankjem den tid vil nok til dømes Doctor Strange ha blitt ein del av laget (anten det er Benedict Cumberbatch som speler han eller ikkje).
Påstand: «Det kjem til å kome minst 3-4 superheltfilmar i året. Om dei tener pengar på det vil det skje i minst 20 år til.» Diskutér.
