Ved sidan av dei store filmane, seriane og underhaldninga har superheltleverandørane i Marvel og Disney i tillegg arbeidd med animasjonsfilmen «Big Hero 6». Filmen er basert på teikneseria med same namn, som er eit japansk tilsvar til superheltlaget «Avengers».

Dette er Disney og Marvels første direkte samarbeidsprosjekt, der Walt Disney Animation Studios står bak animasjonen. Det er regissørane Don Hall («Ole Brumm») og Chris Williams («Bolt») som styrer skuta – med animatørane bak «Rive-Rolf» og «Frozen».

I Disneys palett verkar «Big Hero 6» å vere ein delvis adapsjon, som er hakket meir barnevenleg enn teikneseria. Hovudpersonen er Hiro Hamada, ein 13-åring med Iron Manske tendensar når det kjem til intelligens og teiknologiforståing.

No er den nye traileren her (via Indiewire) i toppen av artikkelen, tidlegare har me kun fått sjå ein liten teaser:

Med seg på laget har han farens heimebygde koserobot Baymax, som han dannar superheltlag saman med for å bekjempe ei fare som trugar San Fransokyo. Med seg får han også Fred «Fredzilla» (T.J. Miller) som kan gjere seg om til ein flammesprutande drake på kommando, sarkastiske og lynkjappe Go Go Tomago (Jamie Chung), den lettare nevrotiske plasmakuttande Wasabi (Damon Wayans Jr.), og den moteriktige kjemifanatikaren Honey Lemon (Genesis Rodriguez).

Det er hovudsakleg forholdet mellom Hiro og Baymax me får sjå i traileren, som eg synest verkar ein god start på denne filmen. I staden for å gi oss heile historia, får me raskt oppsyn med kva typar dei to er – og den fysiske humoren i kroppsanimasjonen til Baymax gir meg håp til at dette kan bli artig.

I teikneseriene er verda rundt San Fransokyo knytt opp mot resten av superheltuniverset til Marvel, men i filmversjonen kan det verke som om dei ikkje heng saman. Det er iallfall lite referansar til Captain America og resten av gjengen i materialet som har blitt slept for filmen hittil.

Er det berre eg som anar ein litt teknologioptimistisk animasjonsfilm for born som treng vitenskapsforbilder?

«Big Hero 6» får verdspremiere i november, og kjem til norske kinoar den 30. januar 2015.

BIG HERO 6

BIG HERO 6

BIG HERO 6

BIG HERO 6

BIG HERO 6

BIG HERO 6