Når «Better Call Saul» dukkar opp i februar til neste år har den mykje forventning knytta til seg. Som ein spin-off til ein av dei mest kritikarroste seriane sidan årtusenskiftet står den på gode skuldrar, men må også klare seg sjølv etter at «Breaking Bad» er ferdig.

Serien skal omhandle gråsoneadvokaten Jimmy McGill (Bob Odenkirk), og hans tilblivelse av den Saul Goodman me kjenner som Walt og Jesse (som skal/skal ikkje vere med i serien) – sin juridiske støttespelar. Sentralt er spørsmålet:

– Kva slags type problem kan ein ha som løysast ved å bli Saul Goodman?

Hittil har serieskaparane Vince Gilligan og Peter Gould haldt korta tett til brystet om handlingane i serien, men dei viser fram litt i musikkvideoen til det som blir introlåta for «Better Call Saul», sunge av Junior Brown.

Mørk røyst, mørk country, og flashy fargar. Håper «Better Call Saul» å gjere ein «True Blood», og få låta på radio også?

Også «Breaking Bad» spelte mykje på musikkbølgjene i New Mexico, med låtar som «Negro y Azul»:

I tillegg til Odenkirk er Jonathan Banks, Michael McKean, Rhea Seehorn, Patrick Fabian og Michael Mando klare for 10 episodar av «Better Call Saul», og AMC har allerede gjort klar for ein andresesong i 2016.

I Norge kjem Netflix til å vise serien eit døgn etter amerikansk premiere frå februar av.