Det har vore mykje sus rundt Benedict Cumberbatch («Sherlock») og «The Imitation Game». Filmen har allereie blitt tippa inn Oscar-racet, og har fått gode tilbakemeldingar frå tidlege visningar i New York.

No er dei første trailerane (i toppen av saka og litt lenger nede) for filmen her, basert på historia om Alan Turing (Cumberbatch) – den geniale kodeknekkaren som fann ut av nazistane si Enigma-maskin under andre verdskrig. Han arbeidde ved britisk etteretning sin hemmelege avdeling ved Bletchley Park.

Etter krigen vart han arrestert for å vere homofil, og først i fjor – nesten 60 år etter at han tok sitt eiget liv – fekk han benåding av det britiske Kongehuset. No vert den opningsfilm på BFI London Film Festival.

– Eg er kjempeglad for å få returnere til London for å dele «The Imitation Game» med publikummet på BFI London Film Festival, seier den norske regissøren Morten Tyldum i ei pressemelding.

– Erfaringa med å regissere denne filmen har vore enormt givande, og eg er audmjuk over å kunne dele Alan Turings utrulege historie på opningskvelden.

Dette er Tyldums første film etter «Hodejegerne», thrilleren med Aksel Hennie som fekk internasjonal merksemd i 2012.

I tillegg til Cumberbatch spelar Keira Knightley («Pirates of the Caribbean») kodeknekkar og nær ven Joan Clarke, Mark Strong («Muldvarpen») spelar Stewart Menzies – sjef for kodeavdelinga på Bletchely Park, og Charles Dance («Game of Thrones») speler kommandør Alastair Denniston, deira militære øvstkommanderande.

«The Imitation Game» får noregspremiere den 25. desember 2014.

imitation