Wes Anderson er kjend for å vere pertentleg, detaljorientert og veldig spesifikk i skapinga av filmane sine.

Ta til dømes «The Grand Budapest Hotel», filmen om dei merkelege bebuarane og ansatte på hotellet i det fiktive alpelandet Zubrowka. Filmens handling strekk seg i tre ulike tidslinjer – 1985, 1968 og på 30-talet – som alle har fått kvar sitt tidsriktige bildeformat – 1.37:1, 1.85:1 og 2.35:1.

«The Grand Budapest Hotel» si handling foregår i omstendigheitene rundt eit dødsfall og den påfølgjande arven. Ekstramaterialet på filmen skryt av at Anderson til og med har skrive nyheitsartikkelen som snakkar om dødsfallet.

Men resten av artiklane, derimot, er lånt frå Wikipedia – som ein årvåken Reddit-brukar (via AVClub) oppdaga tidlegare denne veka.

I avisa er artiklar om eit musikk-karneval og eit snøskred fylt ut med tekst frå dei engelske artiklane om musikk, karneval og snøskred.

The Grand Budapest Hotel.
The Grand Budapest Hotel.

Korvidt Wes Anderson faktisk har bidrege til Wikipedia-artiklane er uvisst – men det ville ha vore ein veldig Andersonsk vri på heile greia.

Ein kommentar til dagens (internett-)journalistikk frå Anderson, eller ein litt lat rekvisittansvarleg på filmen – kva trur du?

Om du vil vite meir om Andersons pirkete detaljrikdom – sjå til dømes denne videoen om hans forkjærleik for symmetri frå fantastiske Kogonada:

Eller då Fox hyra inn ein gjeng Anderson-fans til å byggje heile hotellet i Lego – 50 000 brikker, og veger 68 kilogram, og eg vil ha den no: