Animasjonsserien «Archer», komedien om den totalt inkompetente agenten Sterling Archer, byrjer snart sin sjette sesong. Mellom femte og sjette sesong har det hendt mykje i verda ellers, blant anna har terroristorganisasjonen ISIS (Islamic State of Iraq and ash Sham, eller IS, ISIL, og så vidare) slått seg opp i Syria.

Dette skapte problemer for «Archer»-skaparane, fordi seriens sentrale spionorganisasjon også heiter ISIS (International Secret Intelligence Service).

– Me venta på at det skulle gå over – eg gjorde iallfall det, seier serieskapar Adam Reed til The Daily Beast.

ISIS-logoen og ISIS-logoen – utan samanlikning for øvrig.
ISIS-logoen og ISIS-logoen – utan samanlikning for øvrig.

– Kanskje det ikkje blei ei greie? Kanskje det er føflekken eg kunne ignorere og ingenting skjer. Me var eigentleg ganske heldige, og kunne organisere ei samanslåing med CIA, så me gjekk gjennom serien om malte ut ISIS-logoen – og snakkar ikkje om det i dialogen.

Då første episode av den komande sesongen vart vist på Comic-Con tidlegare i år, hadde dei ikkje bitt seg merke i det – men når episoden som får tv-premiere i 2015 kjem på skjermen, vil to arbeidarar rulle det kvit-blåe skiltet til spionorganisasjonen ut døra.

I sjette sesong må altså agentoverhovud Malory Archer forklare for sin son Archer at CIA er deira nye sjefar. Reed seier det var den beste løysinga for dei:

– Det var folk på nettet som sa me burde omtale det og seie ‘Åh, eg kan ikkje tru at desse folka har teke namnet vårt.’ Det er det «South Park» ville ha gjort, gått etter dei og sagt ‘Desse rævhola stal namnet vårt,’ men det er ikkje slik «Archer»-universet fungerar, der alt er vår skaping. I vårt univers eksisterar dei ikkje.

Det gjenståande problemet for kanalen FX no er all merchandisen dei har laga med ISIS-logogen på. Til Daily Beast seier Adam Reed at han forsøkte seg med eit enkelt forslag til kanalen, som kanskje ikkje vil vere heilt vellukka:

– Eg sa ‘Med all dette ekstra-merchandisen til overs, så burde de eigentleg berre få slemmingane til å kjøpe det’. Heilt stille. Før ein svara, ‘Me har mykje ISIS-merchandise.’ Så det ender nok på fyllinga ein stad.

I Noreg går serien på Netflix (4 sesongar) og på MAX.