Det vart mykje oppstuss rundt Edgar Wright då han tidlegare i år forlot Ant-Man-filmen, eit prosjekt som han sjølv foreslo for Marvel for nesten eit tiår sidan. Sjølv om erstattaren hans vart Peyton Reed, kjend for komedien «Yes Man», har fans vore litt skeptiske til kva som hendte bak kamera på superheltfilmen.

Marvels superheltprodusent Kevin Feige har derfor gått ut i et intervju med IGN og sagt klart frå at han meiner at alt er bra.

– Det er framleis veldig i ånden med den opprinnelege pitchen til Edgar, og heile malen til filmen er det Edgar opphaveleg kom og fortalte oss om for åtte år sidan. Men no er den på veg til å bli den beste versjonen som den filmen nokosinne kunne ha blitt.

Filmen handlar om vitskapsmannen Hank Pym (Michael Douglas) som anset svindlaren Scott Lang (Paul Rudd) til å passe på teknologien som kan endre kroppsstørrela til mennesker på eit blunk – noko dei nyttar til å skape superhelten Ant-Man.

Reed skal ha vore skeptisk til å ta «Ant-Man» i starten, nettopp av frykt for å ta over eit utvatna, nedarva prosjekt med lita mogelegheit for personleg utvikling, men han skal ha blitt overbevist etter et møte der Marvel viste han det dei hadde.

– Han såg på alt, han snakka med oss, og han sa ‘Nummer éin, eg likar retninga de tek filmen i. Og nummer to, eg kan gjere meir. Og det har han – filmen er i sitt livs beste form no, seier Feige.

– Som eg sa til Comic-Con-publikummet for nokre år sidan: ‘Du har kanskje ikkje høyrd om [Captain America: The Winter Soldier-regissørane] Joe og Anthony Russo enno, men du kjem til å vere store fans av dei snart’. Og eg seier det same om Peyton Reed no.


«Ant-Man»-video frå ei lukka visning på Comic-Con i fjor

Han fortel at Reed på eit tidspunkt var aktuell for «Guardians of the Galaxy», men at James Gunn hadde eit meir interessant utgangspunkt.

I år skal dei tilbake på Comic-Con – verdas største nerdetreff i San Diego – og vise dei første ordentlege, offentlege bileta frå «Ant-Man», samt meir om dei komande superheltfilmane frå Marvel.

«Ant-Man» er planlagd til premiere den 17. juli 2015.

Har du trua på «Ant-Man»-filmen?