I kveld startar «Øyevitne», serien NRK omtalar som haustens store krimsatsing. Serien handlar om to ungdommar som vert vitne til fire drap, men lovar kvarandre å ikkje seie det til nokon – for å skjule deira kjærleik for kvarandre.

Norske anmeldarar har fått tilgang til fem av seks episodar, og får dermed sjå bygda Mysen bli innteke av det som etter sigande er storkriminaliteten – med KRIPOS hakk i hæl. Jamnt over er kritikarane veldig positive, med nokre unntak.

Mest negativ er Reidar Spigseth i Dagsavisen, som meiner at fokuset på politiarbeid trekker ned spenningsnivået, og at manuset er skrive med eit gammaldags og litt teatralsk språk, spesielt i kranglar mellom figurane.

– Slike utbrot tilfører ikkje akkurat nødvendig livaktigheit til ein serie som òg vil vere mellommenneskeleg og emosjonelt drama.

Vidar Daatland i Serienytt er også litt tilbakehalden. Han meiner seriens sjølvomtale som «haustens krimsatsing» nettopp blir ei ulempe i eit tv-år med sterke og spesielle krimseriar som «Fargo» og «True Detective»:

«Øyevitne» satser på tryggleik, den er som ein Volvo. Men har ein først køyrd Porsche vert det raskt litt kjipare med det trygge og velkjende. Det er eit dilemma det der.

Henning og Philip er de aktuelle augnevitna i «Øyevitne». (Foto: Thomas Ekstrøm/NRK)
Henning og Philip er de aktuelle augnevitna i «Øyevitne». (Foto: Thomas Ekstrøm/NRK)

Ellers er anmeldarkorpset stort sett positive. Britt Sørensen i Bergens Tidende meiner også at «skrivebordsdialog» kan lugge litt, men at det i stor grad fungerar bra.

– I det perspektivet kan opplegget sjåast som ein likandes fusjon mellom Karin Fossums lågmælte, menneskelege bygde- og småkrim, og dei hardkokte elementa vi finn hjå til dømes Jo Nesbø – men utan Nesbøs påhitt og ofte tvilsomme konstruksjonar, skriv Sørensen og ender på ein femmar på terningen.

Aftenpostens Sarah Sørheim er også inne på det same som Sørensen, og visar til to av hovudrollene som seriens sterkaste kort:

Anneke von der Lippe gjer ei strålande rolle som lensmann Helen Sikkeland, og Axel Gehrken Bøyum er truverdig og god som fostersonene. Båe to er karakterar du bryr deg om, noko som gir sjåaren grunn til å følgje med vidare, og omtalar den som noko av det beste NRK har gitt ut dei siste åra.

Samtidig med handlinga i Mysen skjer det mykje i Oslo – og ringverknadane visar seg blant anna for Siri. (Foto: Thomas Ekstrøm/NRK)
Samtidig med handlinga i Mysen skjer det mykje i Oslo – og ringverknadane visar seg blant anna for Siri. (Foto: Thomas Ekstrøm/NRK)

Andreas Wiese i Dagbladet samanliknar serien visuelt sett med «Broen», ikkje heilt uvant når fotograf Lars Vestergaard har arbeidd på både den og andre danske krimseriar.

Jarl Emsell Larsen er både regissør og hovudforfattar, og lukkast i å skape gode, intense situasjonar og veve saman fleire storylines, seier han og gir endå ein femmar til serien frå «Kodenavn Hunter»-skaparen.

«Øyevitne» var eigentleg ferdigprodusert allereie tidleg i år, men grunna ein «gentlemans agreement» med TV2 fann NRK ut at dei skulle utsetje den – slik at dei to storkanalane ikkje skulle sende storbudsjetts krimseriar mot kvarandre i same sendetid.

Dermed får den premiere i kveld klokka 21.30 på NRK1.

NYHET! Få gode streamingtips rett i innboksen din – meld deg på vårt nyhetsbrev!