«The Comeback» er ein serie med uendeleg lag med referansar til seg sjølv. Den første sesongen dukka aldri opp her til lands, men var ein del av HBO sin humorstrategi etter at «Sex og Singelliv» gav seg. Nesten ti år etterpå har dei valgt å plukke opp prosjektet sitt igjen, framleis med «Sex og Singelliv»-produsent Michael Patrick King på manussida.

Serien omhandlar Valerie Cherish, ei fallert sitkom-stjerne med ideen om å relansere seg sjølv med ein realityserie, fylt med scener som ho sjølv nok ville ha klipt vekk.

I hovudrolla var Lisa Kudrow – post-«Friends» – som på mange måtar spelte eit karikert alter ego, fylt med stikk til ein bransje som har ein tendens til å legge kvinner på hylla om dei ikkje er unge og vakre lengre.

Den første sesongen kom før «The Real Housewives»-bølgja slo til i reality-tv, så det er kanskje først no at handlinga verkeleg kjem til sin rett som parodi på eit fenomen.

Kontrakta mellom dei som vert klistra på skjermen og dei som filmar er vanlegvis dytta eit stykke bak i handlinga, men her er den fullstendig synleg for alle – ettersom Valerie stadig trekker seg ut av situasjonar og ber om timeouts eller om å få gjere ting om igjen.

Du må ikkje ha sett første sesong for å fatte alt, men grunntrekket er dette: i første sesong vart Valerie hata av manusforfattaren på sitkomen sin – der hennar fast uttrykk var «I don’t need to see that!». No skriver han manus på ein ny, basert på sitt eiget liv – med ei raudhåra, eldre skodespelerinne som skurk. Valerie bestemmer seg for å dukke opp på audition for denne.

Dette er altså ein oppfølgjar til ein realityserie skapt rundt ein fiktiv sitkomserie – som no handlar om endå ein fiktiv sitkom, basert på handlingane rundt den fiktive sitkomen i den første sesongen av realityserien.

«The Comeback» dukka opp rundt same tid som «The Office», og innehar også mykje av den same tonen – skapt ut av hatet til eit system – men i ein amerikansk setting, på amerikanske premiss. Litt på same måte som «Curb Your Enthusiasm» er det også fleire ekte Hollywood-tryner som dukker opp som seg sjølv gjennom serien.

sethr

Valerie Cherish er like sjølvsentrert, bardus og korttenkt som britiske David Brent – og serien fekk meg ved fleire høve til å setje på pause, reise meg, opne vindauget, og ta ein liten pustepause før eg gjekk attende til handlinga. Så pinleg er det.

Korvidt du vil like denne serien er nok basert på om du har sansen for denne typen dialogar, men pinlegheita er godt orkestrert og slår til heile tida – av og til nesten litt for ofte.

Samtidig griper serien samtidig godt rundt eit eller anna om berømmelsesjaget i samtida, som også mange andre har pensa bortpå. «The Comeback» er ein av få tv-seriar som har klart å fange ein reell augneblink om Twitter – noko som i og for seg er godt gjort i ei tid der mange forsøker å kapitalisere på «unge, hippe, freshe sosiale media», og tv-serien «Selfie» nyleg vart kansellert.

Det er Lisa Kudrow som bærer serien, og eg ser for meg at den kunne ha styrta (og iallfall aldri fått ein ny sesong) utan ho. Det Valerie har som mange andre i same typen tv-serier mangler er eit enormt sterkt håp, sjølv om det aldri strekk seg lengre enn nasetippen hennar. Ho veit korleis bransjen behandler kvinner, men ho fattar ikkje at det er nær umogleg å endre sin posisjon i den.

«The Comeback» fungerar, ikkje på grunn av dei satiriske elementa – sjølv om dei også til tider er frykteleg skarpe – dei fungerar fordi Kudrow har skapt ein figur ho kjenner til fingerspissane, og som ho styrer sjølv den minste detalj av.

kudrow

«The Comeback» sesong to er ute på HBO Nordic, og starter opp på C More Series kl. 20.00.

PS: Filters søsterselskap Newslab har et kommersielt samarbeid med C More. Dette har ikke påvirket vurderingen av denne serien på noen måte.