I natt bekrefta FX det som vel ikkje akkurat var ei overrasking. TV-serien «Fargo», basert på Coen-filmen frå 1996, får ein ny sesong. Og serieskapar Noah Hawley slapp i same slengen ut litt av kva me får sjå til neste år.

I likheit med «True Detective», «American Horror Story» og andre «antologi»-serier er òg poenget i «Fargo» at kvar sesong er si eiga historie – med nye figurar og nye hendingar. Andre sesong av serien frå det kalde Nord-Dakota vert difor sentrert rundt ein 1979-versjon av politimann-gone-kafévert Lou Solverson, som i første sesong vart spela av Keith Carradine.

Lou er no ein 33 år gamal mann, nyleg attende frå Vietnam-krigen. Me kjem også til å møte Mollys mor, og me lærer kanskje kva som hendte med ho, sa Hawley ifølgje Hitfix.

Eit hopp 35 år tilbake i tid vil naturleg nok òg bety eit heilt nytt skodespelargalleri – ikkje meir Martin Freeman (Lester), Billy Bob Thornton (Lorne) eller Colin Hanks (Gus). Trist for oss som meiner at Alison Tolman (Molly) nesten hadde fortjent meir enn éin Emmy-nominasjon i år:

– Eg snakka med Allison Tolman i dag tidleg og fortalte ho at med mindre ho kan kanalisere sin indre 4-åring, så vil me ikkje få mogelegheita til å ha ho med i sesong to, spøkte Hawley.

Historia vil igjen vere oppfunnen, og vil heilt sikkert også denne gongen starte kvar episode med «This is a true story» – eit grep dei tok frå filmen, som faktisk inspirerte ei japansk kvinne til å reise til Fargo for å finne den sagnomsuste kofferten. Ho døydde.

– Det handlar om å skape nesten-sanningar frå løgner. Mykje av det har med korleis historia utspeler seg, fordi sanninga er rarare enn fiksjonen.

Keith Carradine som Lou Solverson i «Fargo».
Får me endeleg sjå kva Lou refererte til i denne samtalen?

Andre sesong vil finne stad i Fargo, Luverne og Sioux Falls (som Keith Carradines Lou refererte til i første sesong – sjå biletet) – og blir spelt inn i perioden januar til mai, for premiere på hausten neste år. Dermed kan det sjå ut som om me ikkje berre vil ha snøen som er velkjend for området og filmens univers.

– Området er ein eigen figur i serien, det er ein del av personlegheita. Tru meg, me hadde laga «Fargo: Honolulu» om me trudde me hadde klart å kome unna med det.

Hawley uttaler at den første sesongen var inspirert av Coen-brørnes «Fargo», «No Country Old Men» og «A Serious Man», og at andre sesong vil bero meir på «Fargo», «Miller’s Crossing» og «The Man Who Wasn’t There». Han inviterer samtidig folk til å debattere på nettet kva det måtte bety.

– Serien handlar om det beste av Amerika mot det verste av Amerika. ‘Ja, vi har problemer, men sjå kven som løyser dei’, forklarte Hawley.

FX fornya i same slengen òg «Louie» for ein femte sesong. «Fargo» vart nyleg nominert til 18 Emmy-prisar. I Noreg går serien på strøymetenesta HBO Nordic.