HBO forsøkte å lage en «American Gods»-serie, men endte med å legge prosjektet frå seg. Dermed vaka Neil Gaimans moderne gudehistorie i utviklingsstopp ei stund år før det vart plukka opp igjen i februar i år.

No er det kabelkanalen Starz som har teke serien under vengjene, melder The Wrap, med ingen ringare enn Bryan Fuller («Hannibal», «Pushing Daisies», «Heroes») som manusforfattar.

«American Gods» er eit prosjekt som fortener å bli laga. Med partnarane våre i FremantleMedia og med Bryan, Michael og Neil, trur me at me kan lage ein serie som ærar boka og gjer fans og sjåarar fornøgde, sa Starz-sjef Carmi Zlotnik i ei pressemelding.

bryanfuller

Showrunner Michael Green arbeidde med Bryan Fuller«Heroes» og Neil Gaiman («Coraline», «Neverwhere») er utøvande produsent som forhåpentlegvis skal passe på at ting går rett for seg i adapsjonen. Fullers arbeid på «Hannibal» tyder iallfall på at me ikkje treng å frykte at dei skyr frå dei merkelegare delane av dette universet.

Neil Gaiman har laga den mest heilage leiketøysboksen med «American Gods» og fylt det med alle mogelege magiske ting. Michael Green og eg er spent på å opne leiketøysboksen og sleppe laus alt mellom himmel og jord frå Neils produktive fantasi, seier Fuller.

Historia omhandlar ein storslått dragkamp mellom dei gamle mytologiske gudane, og meir moderne «gudar» som kjendisar, rusmiddel og teknologi – satt i ei verd der absolutt alle mytologiske skikkelsar er ekte. Hovudpersonen er Shadow som vert bodyguard for den mystiske skikkelsen Mr. Wednesday.

Det vil neppe være enkelt å fortelje denne vidtspennande historia visuelt, som skal ha vore noko av årsaken til at HBO la den frå seg til å byrje med, men det må vere lov til å håpe at dei kan skru det saman til noko sjåverdig.

Neil Gaiman (Foto: John Nakamura Remy: http://www.flickr.com/photos/mindonfire/5884789981/ ).
Neil Gaiman (Foto: John Nakamura Remy: http://www.flickr.com/photos/mindonfire/5884789981/ ).

Gaiman meiner at det riktige laget av folk er skrudd saman for serien, og at han ikkje har sjekka Fuller og Green for tatoveringar med sitat frå boka, men at han ikkje ville ha vore overraska om dei hadde slikt.

– Eg vil ikkje skuffe fansen, eller alle folka som har diskutert kven som skal spele kva roller på internett sidan tidenes morgen, seier Gaiman for å roe fansen.

Starz er kanalen bak blant anna «Black Sails», «Boss» og «Magic City», samt den komande Steven Soderbergh-serien «The Girlfriend Experience». FremantleMedia er best kjend for diverse realityprogram, men står òg bak utviklinga av den amerikanske remaken av den franske zombieserien «The Returned» («Les Revenants»).

Førebels ikkje noko nytt på ei stund om andre Gaiman-adapsjonar. «Sandman» ligg framleis trygt plassert hjå Joseph Gordon-Levitt, og BBCs «Anansi Boys»-miniserie skal framleis vere under produksjon.