Eg beklager. Det ser ut til at eg — dog med god grunn — kalte «The River» den nye utfordraren til «Lost». Den rolla er det nok meir rettmessig «Alcatraz» som bør ta over. For ikkje berre er produsent J.J. Abrams og smått overnaturlege hendingar ein fellesnevner, dei har óg fått med seg min favoritt-del frå «Lost» — godslege Jorge Garcia — i ei av hovudrollene.

Høgrisikofengselet Alcatraz vart lagt ned i 21. mars 1963 på grunn av lite plass og høge vedlikehaldsutgifter. Det er i alle fall den offisielle historia. Det som eigentleg hendte var at alle fangane — heile 302 av dei — forsvant sporlaust. Nærare 50 år etter byrjar dei plutseleg å dukke opp — éin etter éin — tilsynelatande utan å ha eldast ein dag.

Midt i desse hendingane er detektiv Rebecca Madsen (Sarah Jones), som visar seg å ha nærare band til desse hendingane enn ho trudde. Med seg på laget har ho teikneserienerd og Alcatraz-ekspert Diego Soto (Jorge Garcia). Den siste av det sentrale trekløveret er Emerson Hauser (Sam Neill), leiar for ein mystisk organisasjon som tek dei to føregåande under seg i kampen for å finne ut kva som skjer. Men kanskje Hauser veit meir enn han vil fortelje?

Dei tre i hovudrollene utgjer eit klassisk dynamisk triospel, som tidlegare har blitt gjort i alt frå «Star Trek» til «Bonanza». Rebecca er den intuitive, Emerson er den kalde, logiske, og Soto rundar ut det heile ved å vere den kjensleladde nerden som kommenterar universet litt som sjåaren ville ha gjort det. Soto er på vår side, vår «straight man».

Kanskje er det berre eg som er veldig glad i denne typen figurar, men av dei tre sentrale skodespelarane er det Garcia som gjer seg best på skjermen. Jones kjennest — for no — litt uforløyst, men eg reknar med at figuren hennar vert rikare med tida. Sam Neill cruisar på old school-karisma, og held mystikken i live. Ellers vart eg stor fan av den skyteglade Ernest Cobb frå andre episode. Dersom skurkegalleriet held same kvalitet som dette gjennom heile serien kan det bli veldig interessant.

Registolen er i stor grad fylt med folk som tidlegare har gjort ulike krimserier eller J.J. Abrams/«Bad Robot»-prosjekter, utan at det ser ut til å skape ein stor skilnad uttrykksvis på episodane.

I tillegg til dei openbare «Lost»-samanlikningane kan serien óg samanliknast med «The 4400» og for så vidt «Fringe», dog utan sistnevntes fokus på vitskapen (foreløbig). Om du har sansen for dei to skal du ikkje sjå vekk frå at du vil finne noko du likar her óg.

Dog, i motsetning til «Lost» og «Sopranos» er dette eigentleg meir ein klassisk krimserie — ein police procedural — med ei smått overnaturleg bakhistorie og (foreløbig) éin ny kriminell per episode. Det er eit interessant konsept, men med potensielle 302 episodar i planleggjing, er det kanskje ikkje lovande for dei som har seks uforløyste «Lost»-sesongar å sjå attende tilbake på.

Heller ikkje fengselet Alcatraz er ubesøkt på TV-skjermen tidlegare, og oppsummert er kanskje dette litt av problemet med serien ligg. Vel er det berre sju grunnplott i verda, og alle historier har blitt fortalt tidlegare — og så vidare — men har me ikkje sett dette før då? Bortføringar, tidsreiser, kjapt-tenkjande detektivar, konspirasjonar og mystiske overstatlege organisasjonar. Etter kvart opfattar eg «Alcatraz» meir og meir som om den prøver å samle dei beste elementa frå dei siste 20 års sci-fi-TV i éi forteljing. Er dette «CSI: X-Lost»?

Misforstå meg rett, eg likar dei 4 episodane eg har sett så langt, men eg håpar dei klarar å skilje seg ut frå røkla litt. Foreløbig er det litt for mykje basert på troper til at det kan vere like framtredande som til dømes «Fringe». Og J.J. Abrams? Om eg ser så mykje som eit isbjørnspor, så slår eg av og forlet TV-seriane dine for alltid.

Så får me sjå kva resultatet av dette vert, sånn med unntak av at fans allereie prøver å bryte seg inn i ikkje-eksisterande hemmelege hovudkvarter under det verkelege Alcatraz.

Avslutningsvis, litt meir Jorge Garcia:

«Alcatraz» har premiere på TVNorge i kveld klokka 21.30.