Ei ung kvinne får arbeid som sekretær. Jobben er hjå ein sofistikert, dresskledd og streng arbeidsgivar ved etternamn «Grey». Dei innleier eit seksuelt forhold beroande på hans makt over ho – gjerne med sadomasochistiske trekk.

Om eg fører «filmen er fra 2014» på slutten av foregåande avsnitt, så snakkar eg om «50 Shades of Grey» – fjorårets store boksuksess, som no blir film. Om eg derimot legger til «filmen er frå 2002», så snakkar eg om «Secretary» – med James Spader og Maggie Gyllenhaal i hovudrolla.

Den første smakebiten for førstnemnde kom ut torsdag i førre veke, og har allereie blitt 2014s mest sette filmtrailer. The Hollywood Reporter har teke trailerane for dei to filmane og lagt dei ved sidan av kvarandre, for å sjå overfladisk kor like dei eigentleg verkar (i toppen av artikkelen).

screenshot-med-011

«Secretary» er basert på ei novelle av Mary Gaitskill, frå boka «Bad Behavior», og kom ut i 1988 – med hakket meir romanse. «50 Shades of Grey» var basert på E.L. James eigen fan-fiction frå «Twilight», og vart gitt ut samla i 2011.

Filmsex treng ikkje vere pinleg, som Caroline Hainer skreiv for Filter, då ho rangerte «Secretary» på fjerdeplass over tidenes flotteste sexscener på film.

Eg har lest nok av «50 Shades of Grey» til å rekne meg fram til at eg uansett trur eg vil like «Secretary» betre – du kan sjå den på Netflix.