Terry Gilliam er sikkert framleis forbanna. Tv-serien «12 Monkeys», basert på hans sci-fi-film frå 1995, kjem til tv-kanalen SyFy i januar.

Dei første trailerane byrjar no å rulle ut, ettersom det trass alt er Comic-Con-tid.

Og det er framleis dystert og mørkt det me får sjå. Som i filmen følgjer serien Cole (no spela av Aaron Sanford), ein tidsreistande frå ei post-apokalyptisk framtid, tilbake til vår notid. Målet er å finne opphavet til eit virus som kjem til å utrydde heile menneskeheita.

Til trass for at det jo minner veldig om filmen har Syfy den siste tida hevda i intervju at serien ikkje er å rekne som ein direkte remake, heller ei nytenkjing.

– Me ville ikkje gjere heile filmen på nytt, så me forandra alt frå toppen og ned, sa produsent Terry Matalas til Deadline.

– Me visste alltid at me hadde lyst til å lage ein serie om tidsreise så tidleg som fem år sidan, men publikum var ikkje klare. Sidan då har dei blitt kollektivt trena av «Lost».

Samanlikningar til «Lost» kan vere eit tveegga sverd, men om ein ser på nylege tv-adapsjonar som «Fargo» og «Hannibal», så gjer det absolutt ingenting at originalhistoria vert forandra for å lage eit godt stykke TV.

Terry Gilliam på si side gjer for tida ferdig «The Zero Theorem», den tredje filmen i det han har omtalt som ein trilogi av dystopisk satire, som byrja med «Brazil» i 1985, og nemnde «12 Monkeys» i 1995.

Det ser veldig… Terry Gilliamsk ut, noko som sikkert diverre er årsaken til at den ikkje kjem på kino i Noreg.

Syfys neste er derimot «Sharknado 2», som ikkje kjem på kino av, forhåpentlegvis, heilt andre grunnar.