Rask oppsummering: «Zoolander» var ein tullete, men sylskarp satire over mote- og kjendisbransjen som oppstod frå nokre sketsjar som Ben Stiller gjorde under VH1-showet på tidleg 2000-tal.

Den sameinte blant anna Stiller og Owen Wilson i ei modell-utfordring med David Bowie som dommar – kva meir treng du å vite?

Sidan minst 2008 har ein oppfølgjar vore i emning, men Stiller, Wilson, Will Ferrell, og dei 100 andre kjendiscameoane i filmen har vist seg vanskeleg å få i lufta. Men no har Justin Theroux – som spelte i den første, og skulle regissere den andre – tent håpet igjen:

– Me har manuset til ein oppfølgjar, og me har nyleg snakka om den igjen. Me prøver å gjere den skarpare, og – bank i bordet – eg trur faktisk me kan få den i gang, seier han til Vulture.

– Eg har no dedikert all mi tid til å gjere den igjen. Eg traff Ben Stiller eit par gonger då eg var i New York for å spele inn «The Leftovers», og eg skal treffe han igjen i september.

Førre gong Stiller dukka opp i rolla var i 2011, då han hoppa innom sine gamle vener i «Saturday Night Live», for å kome med mote- og utelivstips:

Det som er mest utdatert med «Zoolander» er nettopp alle kjendis-døgnflugene – men ein skal ikkje kimse av filmen som gav Alexander Skarsgaard («True Blood») sin Hollywood-debut.

Sjølv om han spelte ein dum, mannleg, blond supermodell.