«Marco Polo» er Netflix tilsvar på «Game of Thrones» – med litt færre dragar. Så enkelt kan det seiast.

Den komande tv-serien om eventyraren Marco Polo sine reiser tek oss gjennom eit middelaldersk Europa mot Asia, i ei tid fullt av krigar, storpolitikk og nyoppdaging, og ein og anna naken kropp. «Verder vil kollidere», seier traileren – og viser oss vegen frå Marcos heimlege Italia til møtet med Kublai Khan.

«Kon-Tiki»-regissørane Joachim Rønning og Espen Sandberg har regissert to av episodane av serien, som er skapt av John Frusco («The Young Guns», «Hidalgo»), og produsert av Harvey Weinstein. Dette er både Frusco og Sandberg/Rønnings første tv-serie, og eit av Weinsteins første ordentlege steg inn i tv-verda.

Dette blir derimot Netflix sjuande heimelaga originalserie (om ein ikkje reknar med ting som er laga først andre stader, som «Lilyhammer» og «Knights of Sidonia») – nylegast ute var «BoJack Horseman».

Hovudrolla som Marco Polo blir gjort av italienske Lorenzo Richelmy. Saman med han er blant anna Zhu Zhu («Cloud Atlas») seriens kvinnelege hovudrolle, medan Joan Chen («Twin Peaks») og Benedict Wong («Prometheus») speler henhaldsvis Dronning Chabi av Kina og Khublai Khan av Mongolia.

Me har sett dei to første episodane, men kan ikkje seie noko om dei heilt enno.

«Marco Polo» får premiere på Netflix den 12. desember i år.

MP_04_00101r1

A scene from Netflix's "Marco Polo."  Photo Credit: Phil Bray for Netflix.

MP_02_01262r1

MP_01_00022rMP_01_04798r