Eigentleg skulle du ikkje ha fått sett denne traileren før tysdag i neste veke. Men lyssky krefter slapp ut første ordentlege blikk på «Avengers 2: Age of Ultron» tidleg, noko som førte til at Marvel like greit la den ut offentleg allereie i natt.

Eller som Marvel sjølv seier det:

«Age of Ultron» er den ellevte filmen i Marvels nye film-univers i rekkja, den direkte oppfølgjaren til «Avengers» frå 2012, og første gongen heile gjengen samlast sidan då. Når Tony Stark (Robert Downey Jr.) prøver å setje i gang eit fredsskapande tiltak går ting fullstendig galt, og resultatet er den kunstige intelligensen Ultron.

Superskurken Ultron, stemmelagt av James Spader. (Foto: Marvel)
Superskurken Ultron, stemmelagt av James Spader. (Foto: Marvel)

Regissør Joss Whedon har sagt at Ultron er ei øydeleggjande kraft – på grunn av sin skrudde sans for rettferd:

– ‘Ok, vi trenger radikal forandring, som må vere valdeleg og motbydeleg, for å kunne gjere alt betre’. Han seier ikkje berre ‘Muhaha, snart er eg herskar!’. Han er på eit oppdrag, han vil redde oss.

Traileren gir eit raskt blikk på fleire nye ting i universet, blant anna Scarlet Witch (Elizabeth Olsen) og Quicksilver (Aaron Taylor Johnson). Me får også eit raskt glimt av Andy Serkis («Hobbiten») i si hittil ukjende rolle, som fleire meiner kan vere ein variant av superskurken Klaw.

Og sjølvsagt, James Spader si kommanderande stemme som hovudskurken Ultron, som ser ut til å føre til indre stridigheiter. Det er nyleg sagt at frå uoffisielt hald at hendingane i «Avengers 2: Age of Ultron» etter kvart vil leie til «Civil War»-historielinja frå teikneseria, og kampane mellom fleire av Avengers-heltane kan kanskje tyde på gryande usemje.

«Avengers 2: Age of Ultron» får norsk premiere 1. mai 2015.