Chris Rock søker litt innover i sjela i «Top Five». Han har skrive, regissert, og speler sjølv hovudrolla som André Allen – komikar og kjendis med håp om å gjere noko nytt.

Som eit ledd i dette takkar han ja til å bli intervjua av Chelsea Brown (Rosario Dawson), ein New York Times-journalist som ynskjer å finne ut kven han er – André Allen, Time Magazines «Amerikas mest morosame mann». Heile historia finn stad i løpet av éin dag.

– Eg kjenner meg ikkje morosam lengre, seier Allen i filmen.

Det er tydeleg at Chris Rock ynskjer å gjere litt narr av seg sjølv, bryte nokre fordommar mot komikarar, og tulle med Hollywood-glamouren – noko som i filmen toppar seg når reality-stjerne-forloveden hans ynskjer å sende bryllaupet deira direktesendt på tv.

Til å hjelpe seg har han med blant anna Tracy Morgan, Whoopie Goldberg, Cedric the Entertainer, JB Smoove, Sherri Shepherd, Anders Holm, Romany Malco, Leslie Jones, Michael Che, Kevin Hart, og Jay Pharaoh i ulike roller i filmen. Jerry Seinfeld dukkar visst også opp i ei meget spesiell scene.

Ein litt overforklarande trailer til tross, filmen vart vist på filmfestivalen i Toronto til veldig god mottaking. Indiewire kalte filmen «Chris Rocks mest morosame på årevis – om ikkje nokosinne», Variety meiner dette er meir i Woody Allen-land når det gjeld sjølvironisk humor.

Dette er Rocks tredje film som regissør, etter at han sjølv vart kjend for standup og «elleville» komedier. Sjekk forresten også ut «Good Hair», dokumentaren han produserte om afro-amerikanske kvinners forhold til hår: