«Top of the Lake» var ein av fjorårets aller sterkaste tv-drama. Så enkelt kan det seiast. Difor er det kult at den britisk-newzealandske tv-serien no får ein sesong nummer to.

BBC2 har bestilt ein ny sesong, ifølgje Screen Daily, som det newzealandske produksjonsselskapet See-Saw no skal setje i gang med.

Første sesong omhandla etterforskinga av ei 12 år gammal jentes sjølvmord. Ho var gravid, og etterforskinga fører til eit djupdykk inn i den vesle bygdas mørke hjarte.

Elizabeth Moss («Mad Men») vann ein Golden Globe for rolla si som etterforskar Robin, og serien vart nominert til åtte Emmy-prisar og vann for beste cinematografi – i tillegg til ei rekkje andre nominasjonar og prisar.

Kva andre sesong skal gå ut på, og kva roller som eventuelt vil dukke opp igjen er enno uvisst.

Som Ivar Winther skreiv for Filter då serien kom ut:

– Prøv å forestille deg hvordan alle de bisarre innfallene i for eksempel «Twin Peaks» hadde sett ut i en moderne serie. Geniale innfall eller banale gjøglerier?

Regissør og serieskapar Jane Campion – som vann manus-Oscar for «Pianisten» i 1993 – har uttalt at ho gjekk etter tv-seriar, fordi ho var lei av å lage film:

– TV er den nye fronten. Film er konservativt. Eg er lei av det, sa ho til The Telegraph i fjor.

– Vi blei fortalt at Ben Stephenson [BBCs dramasjef] å vere så opprørande som me ville. Utan tilbakehald. Og me sa ‘Er du klar for oss? Me er klar for det!’ Det var langt færre restriksjonar enn når ein lagar spelefilm.

I Noreg gjekk tv-serien på TV2 og TV2 Sumo, samt at den er å finne på Netflix.