Disney satsar på spelefilmadapsjonar av sine gamle animerte historier dei komande åra, og ein «Jungelboken»-film på veg frå Jon Favreau. I klassisk «dobbeltfilm»-stil er det endå ein på veg – Warner Bros har satt Andy «Gollum» Serkis til å lage ein mørkare versjon av historia.

No er Benedict Cumberbatch, Cate Blanchett, Christian Bale og Naomie Harris klar for Serkis«Junglebook: Origins», melder The Hollywood Reporter.

Dermed byrjer båe filmane å fylle ut rollegalleria sine nokolunde, og me tek difor ein liten kikk på kven som i løpet av 2015 skal spele kvar sin versjon av figurane frå Rudyard Kipling si klassiske bok.

Boka omhandlar guten Mowgli som blir oppfostra av ulvar i den indiske jungelen. På veg til å bli vaksen må han gjennom fleire eventyr, hjulpe av blant anna bjørnen Baloo og panteren Bagheera. Mot han står tigeren Shere Khan og pytonslangen Kaa.

Disney: Jon Favreau

Warner Bros: Andy Serkis

Jon Favreau laga «Iron Man», Andy Serkis største regibragd er å utføre Peter Jacksons gjerningar som andreregissør på «Hobbiten»-filmane.

Mowgli

Neel Seethi

jubo-seethi

Rohan Chand

jubo-chand

Seethi er eit ganske uskrive blad, medan Rohan Chand hovudsakleg har spelt i komedier – anna enn som «utanlandsk barn» i thrillerfilmen «Lone Survivor». Vanskeleg å seie.

Baloo

Bill Murray

jubo-murray

Andy Serkis

jubo-serkis

Eit klassisk eksempel på «regissøren gir seg sjølv si favorittrolle»? Andy Serkis kan motion capture-roller, men som koseleg Bamsefar må jo Bill Murray passe veldig bra. Han har jo dessuten gitt si stemme til Pusur tidligere, ei rolle han tok fordi han trudde at manusforfatter Joel Cohen var en av Coen-brørne.

Shere Khan

Idris Elba

jubo-elba

Benedict Cumberbatch

jubo-cumberbatch

To av Storbritannia sine førsteelskarar – båe kjend som detektivar, og barske karar. Cumberbatch har kanskje overtaket med erfaringa frå si nylege rolle som Smaug i «Hobbiten»-filmane, men ein skal ikkje undervurdere Elba heller.

Kaa

Scarlett Johansson

jubo-johansson

Cate Blanchett

jubo-blanchett

Båe er – ved sidan av skodespelartalent – kjende for ei raspande røyst. Johansson har spelt snikande drapsmaskiner fleire gonger, men her gir vi det vesle fortrinnet til Blanchetts fantastiske stemmekontroll.

Bagheera

Ben Kingsley

jubo-kingsley

Christian Bale

jubo-bale

Her får vi tru at Bale legg igjen Batman-stemma si heime. Ben Kingsley har nokre år meir på baken – og sjølv om Bale har blitt sett verdig som stemmeleggjar av Studio Ghibli tidlegare, vil me heller bli leia an av Bagheeras fornuftige røyst om den kjem frå Kingsley.

Akela

Giancarlo Esposito

jubo-esposito

Peter Mullan

jubo-mullan

Det kjem an på kva retning dei to filmane tek, men om Akela skal vere den strenge leiaren me kjenner frå Disney-filmen – og boka – så er dette daudt løp. Både Esposito og Mullan to kan dei erfarne, autoritære rollene.

Rakcha/Nisha – leiande kvinneleg ulv

Lupita Nyong’o

jubo-nyongo

Naomie Harris

jubo-harris

Lupita Nyong’o er inne i ei enorm hypebølgje for tida. Ein får ikkje dei rollene ho får utan å vere verd det. Harris er flink, men «Skyfall» og rolla som Mandelas (Idris Elba) si kone Winnie i den nylege biografifilmen står ikkje heilt til mål.

King Louie

Christopher Walken

jubo-walken

Ukjent

jubo-ukjent

Det kan berre vere éin grunn til at Serkis-filmen ikkje har annonsert sin King Louie, og det er fordi ingen kan slå Christopher «. Kunstpause.» Walken.

Disney-castet går dermed sigrande ut av vårt uformelle meisterskap, men resultatet kjem sjølvsagt an på kva dei historiene velgjer å gjere med opphavet.

Dei to filmane tek litt ulike utgangspunkt, med Favreau-filmen som noko meir i retninga av animasjonsfilmen – der Serkis‘ i staden verkar å vinkle det meir på det mørke i Kiplings originalhistorie.

«Mørke, skitne reboots» har vi vel eigentleg fått nok av, eller?

Dobbeltfilmene er ikkje noko nyheit i Hollywood, og for å vere ærleg, så kjem det stadig fleire storsatsingar ved sidan av kvarandre.

Denne sumaren har blant anna filmar om «Ringenes Herre»-forfattaren J.R.R. Tolkien blitt til to historier med ulik vinkel, medan «Frankenstein»-forfattar Mary Shelleys liv blir to filmar i løpet av året.

Warner Bros satsar på å få ut «Jungle Book: Origins» sin den 21. oktober 2016, medan Disneys nyversjon av «Jungelboken» kjem den 9. oktober 2015.

Hvilken av desse to har du mest trua på?