Det er litt med skuffelse at me har rapportert om ulike Amazon-seriar tidlegare. Strøymetenesta deiras er i utgangspunktet ikkje tilgjengeleg her til lands, og seriar som «X-files»-skaparens «The After» har blitt sett på med litt misunnelse.

Etter kvart byrjer dei derimot å dryppe inn i den norske seriekvardagen. Først ute var Viaplay med «Transparent», der Jeffrey Tambor («Arrested Development») speler ein aldrande familiefar som finn ut at han er ein transperson. No har også HBO Nordic kjøpt inn «Bosch», basert på Michael Connellys bøker om politihelten Harry Bosch, melder The Hollywood Reporter.

– Det er kjempespennende med nye aktører, som kan drive utviklingen videre. De helkommersielle, reklamefinansierte kanalene er jeg imidlertid helt ferdig med, tv-seriene der lider av større kreativ tørke enn noengang, sa manusforfatter Eric Overmyer («The Wire», «Treme») om Amazon til Filter i fjor.

Hovudrolla blir spelt av Titus Welliver («The Town», «Operasjon Argo»), og etter at Amazon viste fram piloten tidlegare i år er serien førebels satt til ein litt diffus «2015»-premiere.

Figuren Harry Bosch oppstod i Connelly-boka «The Black Echo» i 1992, og omhandler Vietnam-veteranen som blir politimann, som så blir privatetterforsker – i bokserien som etter kvart tel 17 bøker.

Her i Norden har HBO Nordic kjøpt serien i den såkalla «pay tv»-perioden, medan Viasat-eigar MTG har kjøpt den i «free tv»-perioden.

Dette betyr mest sannsynlegvis betyr at serien vil gå eit halvår på strøymetenesta før den så blir teken vekk, og dukkar opp på ein av Viasats mange kanalar (slik som no skjer med «Fargo», når første sesong blir borte derfrå den 15. oktober)

Amazon har gitt grønt lys til fleire seriar i år – flest originale, men også vidareføringa av BBC-serien «Ripper Street».

Det er også knytta mykje spenning til om dei vil lage ein serie av Philip K. Dick-boka «The Man in the High Castle»den alternative verdshistoria der nazistane vann andre verdskrig, med Ridley Scott som produsent.